(Ikkje skiskyting, men...) Sunnmørsstafetten, Volda
14.04.2008


Eid IL stilte 7 lag i Sunnmørsstafetten idag. Sigrid var med på laget som vann K-junior og Arne var ankermann på vinnarlaget i M-junior. (Det var ikkje VELDIG mange lag som stilte i desse klassene...)

Bendit Liatoppen - oppsummering
10.04.2008

Johannes, Johan Eirik og Jarle frå Markane IL var dei tre beste gutane i verda på stafett G13-16 fredag!

Webmaster har berre eitt å seie om Team Statkraft Nordfjord sine prestasjonar i Bendit Liatoppen skiskyttarfestival, verdas største med 899 deltakarar: UTRULEG! FANTASTISK!
Her er eit oversyn over dei aller beste. (Komplette resultatlister finn du her.)
Fredag:
1.plass stafett G13-16 til Markane. 5.plass i stafett J13-16 til jenteneEmilie, Anja Bertine og Helene frå Honndalen!
Laurdag:
1.plass til Johan Eirik, Markane. 2.plass til Helene, Hornindal. 3.plass til Linn Kathrin, Stårheim!
Søndag:
2.plass til Helene, Hornindal. 2.plass til Johan Eirik, Markane!

No er sesongen over og webmaster vil redusere aktiviteten på desse sidene til fordel for ein gamal motorsykkel type Norton 16H War Departement modell 1943. Og Arne køyrer sin Olympic Corvette 1963... Aktuelle saker for Nordfjordteam vert lagde ut, men... Vi HØYRAST. God sommar frå Nils Ola!

Bendit Liatoppen
08.04.2008
Grunna ein liten tabbe, la eg ut små bilete igårkveld. No her eg lagt ut nye bilete som er 4 gongar så store og nedlastbare. Det er berre å forsyne seg!
Fantastiske dagar for Nordfjordingane! Eg rekk berre å legge ut bilete i kveld, finn du 121 her.
Tusen takk til Sogn og Fjordane Energi som sponsa oss med utlån av fantastisk utstyr for mobilt breiband! Det verka i bilen, i Tveito hyttegrend og på Fodnes ferjekai, sjå siste bileta frå turen!!! Dette gjorde det mogleg å levere bilete til avisene så tidleg at dei var på trykk måndag. Sjå Fjordingen og Fjordenes Tidende!

NM Stafett
30.03.2008
For første gong i VERDSHISTORIA har eit stafettlag frå Sogn og Fjordane erobra 5.plass i NM skiskyting herrar. Gratulerer Magnus Brendehaug (Hardbagg), Roger Lillestøl (Hornindal), Ronny Hafsås (Stårheim) og Tarjei Bø (Markane)!  I dag har webmaster ikkje sortert - berre lagt ut kvart einaste bilete. Du finn 107 stk. her! Alle løparane frå Fjordfylket som gjekk stafett er med! DESSUTAN: Kos dykk også med 52 bilete frå Jaktstarten og banketten igår!

NM Sprint Ullsheim
28.03.2008
Gratulerer til alle som deltok uansett resultat! Maja Hjelle Strand tok 194 bilete, du finn 43 av dei her. Vi gløymde å knipse Ann Kristin, men alle andre løparar frå Fjordfylket finn bilete av seg i dette webalbumet!!! Last ned om du vil, men vis til fotograf dersom bileta vert nytta offentleg!

NM Normal Ullsheim
26.03.2008
Gratulerer med flotte prestasjonar alle saman! Best gjekk det med Tarjei på 5. og Eline på 6.plass. Resultatliste, startlister, videosnuttar og alt du treng finn du på http://www.nmskiskytingstryn.no/
Maja Hjelle Strand tok flotte bilete frå herrane sin 20 km normal. Denne gongen er bileta EKSTRA store. Last ned om du vil, men vis til fotograf dersom bileta vert nytta i offentleg samanheng. Du finn dei under Webalbum eller rett og slett her. Enjoy!

NM skiskyting Ullsheim
25.03.2008
No nærmar NM seg veldig! Til alle frå Nordfjordteam som stiller i NM: Eg er utruleg stolt av at eg får vere webmaster for dykk alle! Eg ville så gjerne ha vore til stades på fredag då mange av dykk går NM for aller første gong. Diverre må jobb kome først innimellom, og akkurat denne dagen MÅ eg diverre vere i Sogndal nokre timar. Eg vil ynskje kvar einskild av dykk lukke til med NM! 
Beste helsing Nils Ola


Dette teamet finst det ikkje makan til!

 

Normal 15. mars, Grendadalen
15.03.2008

Var lyset dårleg igår kveld, vart det endeleg nok idag! Takk for ei super helg i Grendadalen alle saman! Takk for alle positive tilbakemeldingar frå dei som er innom sida vår! Takk for ei strålande avslutning på skiskyttarsesongen i Sogn og Fjordane!

Resultata for sprint fredag finn du her, for normal laurdag her. Vil du sjå 74 bilete frå Normalen, er det berre å klikke på speakerbua til venstre!!

Bilete frå Lysløyperennet
14.03.2008

I kveld arrangerte Hornindal/Sunnylven lysløyperenn i Grendadalen. Det heile var flott tillaga og veret viste seg frå si aller beste side. Sidan vi ikkje ville skremme skiskyttarane med blitz, tok Marit og eg heller nokre stemningsbilete frå rennet. Ikkje alle er heilt skarpe, men i slike høve lar vi det stå til! Klikk på biletet til høgre for å sjå heile webalbumet på 45 bilete.

Bilete frå kommunecup 4 Eid
11.03.2008
Nokre av Nordfjordteam sine skiskyttarar deltar i kommunecup langrenn i Eid. krinsleiar Marit har tatt bilete frå rennet som du kan sjå her.

Young Star AVLYST!
10.03.2008
Kjelde www.skiskyting.no:
"Vi må dessverre opplyse at Statkraft Young Star i Holmenkollen lørdag er avlyst. Arrangøren sliter med vanskelige vær- og snøforhold, og IBU vil ikke kunne godkjenne at Young Star gjennomføres i forbindelse med World Cup." Alle involverte har fått epost om dette.
Kjempesynd for Christoffer!

NC4 Trondheim
09.03.2008
Olav B og Magne H har sendt oss bilete frå renna. Du finn dei her. Resultatlister ligg her.

Krinscupavslutning Vik
09.03.2008
Resultat på www.vikil.no. 65 bilete ligg i webalbum her.

Statkraftcup 4, Trondheim
05.03.2008
Webmaster vert ikkje med denne gongen. Derfor ville det vere supert om nokon kunne ta bilete - gjerne MMS med telefon - så vi har noko til avisene måndag. Inge Fænn i Fjordingen sa sist helg at dei gjerne ville ha våre bilete av skiskyttarane. Elles er det lett å få bilete inn i Fjordenes og Fjordabladet. Kan de hjelpe meg med dette? MMS til 977 16 622 eller epost til nils.ola@frisurf.no. Bruk gjerne bloggen vår og - det er berre eitt nytt innlegg sidan jul... God tur til Trondheim alle saman og lukke til!!!

Etterspel NM junior Liatoppen/Ål
03.03.2008 kl 12:30
Kva hende eigentleg i NM jr? Nils Ola fekk cola i laptopen, breibandet på Liatoppen verka ikkje, breibandet i Tveito hyttegrend verka ikkje, Erik sitt mobile breiband gjekk sirup og EINAR FEKK GULLMEDALJE!!! 87 Bilete her. Samtlege resultat her. GRATULERER med full innsats alle saman!

NM junior Liatoppen Normal
28.02.2008 kl 15:00
Resultat idag
M19: Kenneth nr. 7 (0-1-1-1), Hans Erik nr. 35 (2-3-1-2).
M18: Eirik nr. 29 (0-4-0-1).
M17: Einar nr. 10 (1-4-1-1), Ivar nr. 24 (0-3-0-3), Bjørn Erik nr. 32 (2-2-0-4), Arne nr. 58 (0-4-0-4). Komplett resultatliste så langt idag her.
M20-21: Arild nr. 31 (0-2-3-1). Resultatliste

K19: Marianne nr. 9 (1-0-1-1). Resultatliste
K18: Silje Elin nr. 15 (1-2-0-0), Sigrid nr. 20 (1-4-3-3). Resultatliste
K17: Linn Kathrin nr. 8 (1-2-1-1). Resultatliste

Dette vert siste oppdatering idag, i morgon er det treningsdag for deltakarane. Eg reknar med å oppdatere desse sidene direkte frå arenaen laurdag og søndag om alt går etter planen.

NM junior Liatoppen/Ål
27.02.2008 kl 12:30
No er gjengen vår komen fram til Liatoppen og startar trening kl 13:00.  Lukke til i NM alle saman! Webmaster kjem nedover fredag kveld. Eg skal prøve å oppdatere desse sidene og www.starheimsbygda.no/ski dagleg, dvs om kveldane. Om de ikkje orkar vente på at resultata vert lagt ut her, prøv heimesidene til Junior-NM. Det kan no hende at dei legg ut resultata før eg...
Til dei som følger teamet og har med seg PC: Det er OK trådlaust nett i Bergo hyttegrend. Set "loket" på laptop med innebygd antenne mot slalåmbakken. Nettet er ope.

KM Ullsheim Normal/Jaktstart
24.02.2008
Flotte resultat for Nordfjordteam sine skiskyttarar idag og! Her kan du sjå nokre bilete. Resultata er her!

Fantastiske Eline!
23.02.2008
Eline gjorde jobben og vel så det under dagens EM-stafett kvinner i Nove Mesto. Ingen strafferundar! Ingen ekstraskot! BRONSE TIL JENTELAGET! Det er berre å bøye seg i støvet og gratulere!!!

KM Ullsheim Sprint
23.02.2008
Her er dagens resultatliste. Eg har også lagt ut nokre bilete frå idag. Velkommen her!

Ny sponsor!
22.02.2008
Bolseth Glass på Sandane har inngått 2-års sponsorkontrakt med Nordfjordteam!

Fleire bilete frå VM Myrkdalen
20.02.2008
Heidi Munch Aanonsen har sendt oss flotte bilete. Tusen takk! Sjå dei her! NB! Du kan også laste dei ned om du vil!

Bilete frå VM Myrkdalen
18.02.2008
Odd Helge har sendt oss flotte bilete frå renna i helga. Du finn dei her. Tusen takk!

Intervju med Eline i NRK Sogn og Fjordane
18.02.2008
I dag tidleg vart Eline intervjua om uttaket til EM i Nove Mesto, Tsjekkia. Høyr intervjuet her!

Vestlandsmeisterskap Sprint - og Eline
17.02.2008
Også idag noterte Nordfjordteam seg for mange flotte prestasjonar, her er resultatlista
Og kva skriv andre om uttaket av Eline? Sjekk Fjordingen, Firda og NRK!

Vestlandsmeisterskap Normal
16.02.2008

Nordfjordteam noterte seg for svært mange gode plasseringar idag. Resultatlista finn du her.

Etter løpet idag fekk Eline telefon om at ho var tatt ut til å gå EM. Ho sette seg i bilen og vende nasen heim til Lillehammer umiddelbart. I morgon kl. 06:00 sit ho på flyet frå Gardermoen.

Heile Nordfjordteam vil gratulere Eline med uttaket. Ikkje rart ho smiler til fotografen! Vi ynskjer deg lukke til i Nove Mesto, Eline!

NM/NC Mo i Rana
13.02.2008
Krinsleiar Marit har tatt massevis av fine bilete frå renna i Rana. Du finn alle 163 her!

NM/NC Mo i Rana
10.02.2008
Sterk stafett M17-19 (5.plass) og Menn senior (7.plass)!

Bjørn Erik, Einar, Asbjørn og Kenneth kom inn på ein flott 5.plass i stafett M17-19 i Rana idag. Anderlaget frå Fjordfylket enda på 20.plass. Fullstendige resultat her.
Foto: Olav Brendehaug

Magnus, Anders, Rune og Arild låg lenge an til ein pallplass idag, men det vart nokre bomskot for mykje og laget enda på ein flott 7.plass. Vi synest det var svært sporty av Team Statkraft Nordfjord sin trenar Rune Åland å stille opp (han hadde ikkje med seg våpen eingong!!!) slik at Sogn og Fjordane kunne stille med eit seniorlag!
Dei to jentelaga Sogn og Fjordane stilte med skaut seg rett og slett bort og hamna på 14. og 18.-plass.
Resultat Stafett Menn senior her, Kvinner her.

MMS-foto: Marit Hjelle

NM/NC Mo i Rana
09.02.2008
Idag laurdag gjekk det best med Ronny som vart nr 5 og Sigrid som fekk ein flott 7.plass i sprint. Resultatliste sprint her, fellesstart her.

Ronny, Kenneth, Eline og Einar gjorde det best fredag med høvesvis 4. 6. 6. og 8.plass. Resultatliste her.

Kvalfossprinten++
04.02.2008
Skiskyttarane våre oppnådde fantastiske resultat i dette kjempedigre rennet i Holmenkollen denne helga. Vi gratulerer! Magne Hjelle har sendt oss massevis av bilder som no ligg i webalbum. Takk til Magne og velkommen til å sjå bileta, du finn dei her!
Magne har også sendt bilete frå Tua forrige helg. Dei finn du her.

NC3,  Mo i Rana nærmar seg!
03.02.2008
Eg reknar med at det kan vere behov for rask info til skiskyttarane våre. Derfor legg eg "Meldingar til skiskyttarane" fremst.

KM Langrenn Sprint Tua
27.01.2008
Det vart ein glimrande dag for Nordfjordteam sine skiskyttarar i KM Langrenn Sprint også i dag. Resultata finn du på www.starheimsbygda.no/ski. Krinsleiar Marit tok bilete som du finn her.

KM Langrenn Tua
26.01.2008
Nordfjordteam sine løparar gjorde det svært godt i langrenn på Tua idag. Resultata finn du her. Webmaster var på tidtaking slik at det vart ikkje så mange bilete, men du finn nokre her.

Sprint og KM Stafett Ålandsleitet
20.01.2008
Her resultat for SPRINT og STAFETT. Bilete finn du her! Det har vore lenkefeil i webalbuma våre. Feilen er retta no kl 23:18 ;-)

KM Ålandsleitet - resultat og bilete
19.01.2008
Her kan du sjå eller laste ned resultatlista i excel- eller pdf-format. 
56 bilete ligg i webalbum her. Klikk på bileta for å få dei større. Du kan også laste dei ned om du brukar høgre mustast. Vil du ha bilete i 8 MPixel-kvalitet, kan du få dette gratis om du sender ein epost til nils.ola@frisurf.no og fortel kva bilete du vil ha!

KR Harpefossen
13.01.2008
50 bilete tekne av Magne og Marit Hjelle ligg i webalbum her. Tusen takk!

NC
07.01.2008
Webalbum med 24 bilete frå helga er lagt ut. Sjå bileta her! NB! Klikk på bileta for å sjå dei i full storleik!

Sjusjøen
05.01.2008
Ein riktig bra dag for Nordfjordteam sine skiskyttarar! Førsteplass til Ronny, 5.plass til Eline, Einar på 8.plass, Marianne på nr. 11 og Magnus på 12.plass. For komplett resultatliste, sjå http://www.emit.biz/races/2008.01.05/NC_LOErdag_Sprint/resultat/index.htm. På siste skyting fekk Ronny is i siktet og såg ingenting. Magnus si skyting må og nemnast, berre 2 bom på 20 skot under utfordrande vertilhøve!

Eline, Marianne, Balder og Sigrid på Sjusjøen idag.

Sjusjøen
04.01.2008
NTS sine skiskyttarar har gjort ein flott innsats på Sjusjøen idag. Best gjekk det for Ronny som fekk ein 3.plass og måtte på pallen!

Her er kald, snøar, bles ujamnt og alle er i godt humør med gå-på-mot i massavis. Vi helsar!
For øvrig:
Menn 17: 
Nr. 8   Bjørn Erik Henden
Nr. 12 Ivar Nord
Nr. 14 Einar Fannemel
Nr. 64 Arne Hjelle Strand

Menn 18:
Nr. 62 Eirik Bøe

Kvinner 17:
Nr. 30 Linn Katrin Bakke

Kvinner 18:
Nr. 13 Sigrid Hjelle

Kvinner 19:
Nr. 16 Marianne Roset

Menn 19:
Nr. 14 Kenneth Aaland
Nr. 22 Hans Erik Rand

Menn 20-21:
Nr. 7 Tarjei Bøe
Nr. 20 Anders Vonheim
Nr. 43 Arild Henden

Kvinner senior:
Nr. 7 Eline Fannemel

Menn senior:
Nr. 3 Ronny Hafsås
Nr. 19 Magnus Brendehaug

Velkomen 2008!
01.01.2008
Etter fine resultat på Ålandsleitet 29. desember (resultat på www.skiskyting.no/sognogfjordane), ynskjer vi alle Nordfjordteam sine løparar lukke til i det nye året! Juniorane reiser til Næroset for å gå NC2 allereie 3. januar. Webmaster vert med, det same vert PC og kamera. Eg veit ikkje korleis tilhøva er for å nå i internett, men skal prøve å legge viktig nytt på desse sidene kvar dag. Sjekk også http://idrett.speaker.no/Organisation.asp?id=66962 
Nils Ola

 

 

 

 

 

 

 

 

Og med dette biletet av Kenneth øverst på pallen på Tingelstad, ynskjer vi alle i NTS god jul!

Smått og stort nytt
21.11.2007
Smått: Vi er komne til den rette årstida og no lar webmaster "Melding frå trenar" vere det første de ser. Dette for at det skal vere lett for trenar og teamleiar å legge ut meldingar til de som skyt ski. Fint om skiskyttarane nyttar medlemsbloggen, til dømes om føreforhold, reimer for ståande skyting eller ein brilliant lott som går perfekt ned til minus 50 grader. Elles har eg lagt inn eit skjema for reiserekning, du finn det i menyen til venstre.
Eg er alltid open for å gjere heimesiden betre. Har du ein ide, bruk nils.ola@frisurf.no eller 977 16 622!
STORT: Gratulerer Ronny med ein fantastisk 8. og ein fenomenal 6.plass sist helg! DETTE ER GJENNOMBROTET!!!
Nils Ola

ENDELEG SNØTRENING!
11.11.2007
I dag tidleg var det mellom 70 og 90 cm snø på Ullsheim. NTS sine medlemmer fekk verkeleg boltre seg i sitt rette element! Bilete seier meir enn ord... (Fotoet under er tatt av Marit Hjelle)

Silje Elin, Linn Kathrin, Arild, Hans Erik, Rune, Jørgen Marius, Kjetil og Arne er meir enn klare!

Nye skiskyttarar og juniorar
07.11.2007
Det er ei glede å ønske 13 nye skiskyttarar velkomne i teamet vårt denne sesongen! Frå Hardbagg kjem Geir Olav, Hans Magnus, Maren Anita, Mia Helene og Pål Andre. Isak, Jarle, Johannes, Knut og Runar kjem frå Markane. Frå Hornindal kjem Ida Pauline og frå Stårheim Erlend og Merete. Når rennsesongen startar skal alle få bilete med sponsormerking og slikt på sidene våre, men inntil då ville det vere kjekt å legge ut heilt vanlege bilete. Send bilete til nils.ola@frisurf.no eller send mobil-bilete til 977 16 622 så ordnar webmaster resten.
Og så har Arne, Bjørn Erik, Einar, Ivar, Jørgen Marius, Kjetil, Linn Kathrin og Tor Øyvind vorte juniorar sidan sist. Med andre ord: DETTE VERT EIN UTRULEG SPENNANDE SESONG!
Vi ynskjer alle lukke til!

Sentrale teamsider
05.11.2007
I dag har det vist seg at Statkraft arbeider med eigne heimesider for dei ulike teama. Konsekvensane av dette for www.nordfjordteam.no er uvisse, men teamleiar og webmaster satsar på at sidene våre overlever....

Medlemsliste
28.10.2007
Lista over medlemmer er oppdatert. Du finn ho under "Om teamet". Feil meldast til nils.ola@frisurf.no 

Terminliste
24.10.2007
Terminlista for kretsen er ferdig. Du finn ho under menypunkt "Terminliste". Merk ny spalte lengst til høgre med renn for juniorløparane. Forbundet si terminliste finn du under "Hovudterminliste".

Skogsløp/rulleski Vik
21.10.2007

Jentesamling, opning av fantastisk ny asfaltbane for rulleski, vitjing av  skiskyttarpresidenten, Vestlandsmeisterskap - alt skjedde i Vik denne helga. Og Nordfjordteam kom tilbake med ein haug Vestlandsmeistrar! Bronse til Espen Flo Bødal (biletet) i klasse gutar 16, gull til Linn Kathrin Bakke i klasse Kvinner junior 17, sølv til Kjetil Remme, bronse til Ivar Nord og 4. plass til Arne Hjelle Strand i klasse Menn junior 17!!! HER finn du 57 bilete frå dette. Komplette resultatlister finn du her.

Korreksjon påmelding Hovudlandsrennet
21.10.2007
Eg må ha melding seinast tysdag 23. oktober kl 22:00. Gi også melding om de vil reise frå Værness eller Gardermoen.

mvh Marit Hjelle mar.hje@frisurf.no
-krinsleiar-

Rekruttsamling
20.10.2007
PÅ GRUNN AV KOLLISJON MED FOTBALLTURNERING FOR KONFIRMANTANE I NORDFJORD MÅ NESTE SAMLING FOR REKRUTTANE UTSETJAST EI VEKE. NY DATO FOR SAMLINGA VERT DIFOR 17 OG 18 NOVEMBER I MARKANE. NERMARE PROGRAM VERT SENDT NÅR DET NÆRMAR SEG.
MED HELSING ROAR ALSAKER

Hovudlandsrennet
18.10.2007
Hei !
No kjem forpliktande påmelding til Hovudlandsrennet!
Info er sendt alle lagleiarane, slik at også dei som ikkje var interesserte i å reise tidlegare kan få ein ny sjanse.
Gi meg tilbakemelding seinast torsdag 25. oktober slik at eg kan sende påmeldinga samla frå Sogn og Fjordane! 

Marit Hjelle
-krinsleiar-

Info om renn
17.10.2007
Teamleiar har sendt ut aktuell info vedrørande renn. Her finn du viktige datoar for påmelding, ansvarlege osb... Du kan laste ned informasjonen i word-format her, i pdf-format her eller lese informasjonen her.

Barmarkstrening på Ullsheim 6.-9. oktober
9.10.2007
4. og siste dagen opna med øving på ståande skyting i knallsol og gradestokken såvidt under null. Men dei som trudde at dette skulle verte ein roleg dag tok skammeleg feil! I alle høve: Ei vellukka, slitsam men lærerik samling er over.


Her er det Hans Erik og Eirik som finpussar teknikken...

8.10.2007
Rune si hardtrening av dei unge håpfulle er ikkje å spøke med. I dag la dei iveg i retning Hellesylt!!!

Her er det like før Eirik, Hans Erik, Rune, Sigrid, Arne, Kjetil og Ivar legg ut på ein ørten mil lang tur!

2.10.2007
Skiskyttartreffen: Her er bileta!
Klikk på ikona for å sjå bilete i full storleik. Takk til fotografane Odd Helge og Marit!

28.09.2007
Skiskyttartreffen
Her finn du detaljert program!
Nils Ola

27.09.2007
Webalbum
Eg har lagt ut eindel bilete frå førre sesong på webalbum. Velkommen!
Nils Ola

16.09.2007
Oppdatering av web
Webmaster har oppdatert info etter beste evne. Eg har lagt inn eigen blogg der trenarar og teamleiar kan legge ut info sjølve. Denne informasjonen ligg under lenka "Melding frå trenar" og bør sjekkast av skiskyttarane kvar gong dei er innom sida... Elles prøver vi oss med lenker til vermelding i nærleiken av skiskyttaranlegga i Nordfjord og ny design på medlemsbloggen vår. Dessutan finn du Hovudterminlista her! "Gamle" nyhende frå forrige sesong finn du her. Eg må tenke litt meir på eit teneleg biletarkiv. Kom gjerne med tilbakemeldingar!
Nils Ola

Skiskyttertreffen 2007
Skiskytterkretsen og Nordfjord Team Skiskyting vil gjenta suksessen frå i fjor og inviterer til skiskyttartreff.

Med oss på skiskyttertreffen vert Norgesmeister Magnus Brendehaug.

I tilleg vert det med lokale klubbtrenarar som vil ta vare på, motivere og rettleie utøverane på beste måte.

 

Tid:                      29 – 30. september 2007

Start:                    Kl. 1000 på laurdag og kl 0900 søndag.

Stad:                    Ullsheim

Alderskl:               11 – 16 år  (-97 – 92 mod)

Program:               Skyteøkter som pres, komb, basis, løp og rulleski for dei eldste. (meir utfyllande program etter at påmeldingsfristen er ute)

Utstyr:                  Treningskle til to  daglege økter. Hjelm, rulleski, gevær, skot.

Overnatting:          Det er mulegheiter for å overnatte på Ullsheim.

                            (Dei som treng overnatting må seie ifrå ved påmelding )

Måltid:                  Det vert felles lunsj på laurdag og søndag.

Kontingent:            Kr 350.- betalast til 3790 10 59641

Påmelding:            hendeodd@online.no innan 15.september.

Informasjon:           Kontakt Odd Helge Henden tlf: 57864451 - 48114129

                             Evnt: Magnus Brendehaug tlf.  99320782

 

Velkomen til skiskyttertreffen 2007

Helsing

Sogn og Fjordane Skiskytterkrets

Nordfjord Team Skiskyting