Young Star-samling /
trenar 2-kurs på Ullsheim Publisert 26. juni
2011
Denne helga var det samling og
flittig bruk av den flotte, nye rulleskibana på Ullsheim. Dei omlag 30
deltakarane kom frå Hordaland, Møre og Fjordfylket. Marit og Nils Ola
tok bilete som du kan sjå
her. Erik Vangsnes
tok også bilete som vi legg ut seinare.
Frå grillfesten laurdagskvelden -
Monica Halsteinslid. Foto: Marit Hjelle
Årsmøte i Sogn og Fjordane skiskyttarkrins Publisert 14. juni
2011
På årsmøtet til skiskyttarkrinsen 1.
juni gjekk Ingar Breilid gjennom Idrettskrinsen sine satsingar for
komande sesong. Elles var det vanlege årsmøtesaker. Sidan mange gjekk ut
av og inn i styret, vart det utveksla ei betydeleg mengde blomar. Mellom
anna gjekk Marit Hjelle av etter 6 år som leiar for skiskyttarkrinsen.
Leiv Tvinnereim frå Hardbagg overtok dette ærefulle, men svært
arbeidskrevjande vervet. Gratulerer og lukke til! Du kan sjå bilete frå
krinsårsmøtet her.
Leiv Tvinnereim er nyvald leiar for
Sogn og Fjordane skiskyttarkrins. Tidlegare leiar Marit Hjelle til
høgre.
Årsmøte TSN Publisert 14. juni
2011
På årsmøtet i TSN i Honndalen 26. mai
Viste Vebjørn bilete frå ein fantastisk sesong. Krinsleiar Marit Hjelle
var og til stades. Ho roste teamet og leiinga for arbeidet og
fantastiske resultat. Ho overrekte og ein bukett blomar til leiar Kjetil
med takk for innsatsen frå skiskyttarkrinsen. Vevmeister som takka av
etter å ha hatt ansvaret for desse sidene sidan starten, fekk ein
kjempefin ryggsekk som allereie er tatt i bruk. TUSEN TAKK! Sjå bilete
frå årsmøtet her.
Asfaltering
Ullsheim Publisert 13. juni
2011
Veidekke og entrepenør Arvid Hatledal
AS er snart ferdige med rulleskibana på Ullsheim. Ein ca 4 km lang trase
i flott terreng vert i disse regnfulle dagar asfaltert og ferdigstillt.
I tillegg til ny rulleskibane vert også standplass og blinkar
oppgraderte til vinterens Junior NM i skiskyting, melder John Roger
Meland.
Junior-NM
til Markane i 2012! Publisert 21. mai
2011
Då
Hopstock Hotell brann og Vik IL måtte trekke seg frå å arrangere
NM junior sesongen 2012/13, vart meister-skapen lyst ut på nytt.
Her kunne heile organisasjonen søke.
Styret i Norges Skiskytterforbund vedtok 20. mai at Markane IL
vert tildelt NM junior i 2012 under føresetnad av at anlegget
vert utvida frå 25 til 30 skiver. Vi gratulerer!
Nye kontraktskjema Publisert 21. april
2011
Til alle løparane:
Det ligg no kontraktskjema for sesongen 2011-12 i menyen til
venstre. Styret tek atterhald om prisane. Dei er det årsmøtet
26. mai som vedtek. Vi bed dykk sende inn kontraktane innan 1.
mai 2011.
Bendit Liatoppen Publisert 10. april
2011 Søndag 10.
april vart Isak og Andrea nr. 1, Mari nr. 3, Lars nr. 6 og Aksel nr.
6. Og dette var berre dei som kom i mål mellom dei 10 beste! Sjå
fullstendige resultat
her. Takk for flotte bilete, Sigbjørn!
Lenke til Sigbjørn sine bilete frå søndag.
Isak øverst på
pallen! Foto: Sigbjørn Myklebust.
Mari og Andrea gjorde det
knallbra! Foto: Sigbjørn Myklebust
Laurdag 9. april
dundra Johan Eirik like godt inn til nok ein førsteplass medan Heidi
vart nr. 6 og Vebjørn nr. 40. Komplett (men framleis uoffisiell)
resultatliste finn du
her. Lenke til
Sigbjørn sitt fotoalbum.
Fredag 8. april
gjekk Larsenstafetten av stabelen. I G11-12 vart Markane sitt lag nr. 4.
I G13-16 vart Stårheim sine lag nr. 16 og 58, Markane sine lag kom inn
som nr. 25 og 66. Under Mix 11-12 vart Stårheim sine lag nr. 6 og 19.
Her er resultata for dei yngste.
17-årsklassane hadde fellesstart denne dagen. Her vart Johan Eirik frå
Markane nr. 1 og Heidi frå Stårheim nr. 4. Bra jobba!
Her er resultata for dei eldste. Lenke til Sigbjørn sitt
fotoalbum.
Her kjem Johan Eirik! Foto: Sigbjørn Myklebust
Beste klubb i NC! Publisert 05. april
2011
Markane IL sanka mest Norgescup poeng
av alle klubbane i Norge denne sesongen. Du finn meir om dette
her. Gratulerer!
NC5 Dombås Publisert 28.
mars 2011
Her er det ingen rom for tvil: Team Statkraft Nordfjord har nokre av dei
beste skiskyttarane i landet! Vevmeister finn det heilt unødvendig å
kommentere dette utover biletet over... På supersprinten 25. mars vart Johannes nr. 1, Pål Andre nr.4,
Isak F nr.11, Jarle nr. 24 og Geir Olav nr. 28 i klasse M18. I
M19 vart Espen nr. 28. Merete vart nr. 20 i K18 og i K17
vart Emilie nr. 10, Helene nr. 12, Heidi nr. 19, Anja Bertine nr. 20 og
Janne nr. 28. M17: Johan Eirik nr. 5 og Vebjørn nr. 18!
På mix-stafetten 26. mars 17-19 år vart Sogn og Fjordane sitt
1.lag nr. 2, 2.laget vart nr. 4, 3.laget nr. 9 og 4.laget vart nr. 28!
Og på mix 17-21 år vart Sogn og Fjordane sitt førstelag nr. 7 og
andrelaget nr 20!
Samanlagt i juniorcupen denne sesongen vann Johan Eirik M17 og
Johannes M18 med kjempemargin! Elles hadde TSN ei rekke andre, gode
plasseringar. Etter mykje leiting fann eg oversynet
her ;-)
Og på fellesstarten 27. mars vart det 2.plass til Johan Eirik,
1.plass til Johannes, 5.plass til Jarle, 6.plass til Helene, 8.plass til
Emilie og 9.plass til Heidi for å nemne dei aller beste. Du finn alle
resultata frå NC5
her. John Roger har sendt oss flotte bilete som du kan sjå
her. Tusen takk!
Publisert 23.
mars 2011
VI GRATULERER TARJEI MED SAMANLAGT-SIGEREN I VERDSCUPEN!
Resultat og videoar
Young Star Publisert 23.
mars 2011
Gratulerer til alle de som deltok i Young Star i Holmenkollen!
Sogn og Fjordane har ALDRI sendt så mange deltakarar til dette
arrangementet før! Isak vart ein suveren vinnar, men vi vil tru det var
ei sterk oppleving for alle deltakarane våre å få gå i sjølvaste Kollen.
Klikk på den flotte gjengen til høgre for å sjå krinsleiar Marit
sine bilete frå Young Star! Nedanfor kan du sjå videosnuttane ho
tok frå dei to konkurransane.
Resultat og bilete
frå Harpefossen Publisert 23.
mars 2011
Dette vert gamalt nytt, men likevel: Resultat
krinscup 19. mars,
sprint 20. mars og
jaktstart 20. mars.
Rune Otterdal har sendt oss flotte bilete frå søndag, dei kan du sjå
her. Tusen takk!
Dette var dei siste renna i Fjordfylket denne sesongen.
KR sprint og KM stafett
Sunnylven Publisert 13.
mars 2011
Her er stafettresultata, ein kan trygt seie at TSN hadde ein god
dag!!! Og her
ligg det eit album med 170 bilete. Bak kameraet i dag: Nora Hjelle
Strand :-)
Kos dykk med denne uredigerte filmen eg tok opp før, under og
etter KM i dag!
Resultata frå sprint laurdag finn du
her. Det er ein feil i
resultatliste for Kvinner 17 år. Janne Alsaker, Markane IL har feilaktig
fått 3 min i tillegg for forlite gått strsfferunder. Rett plasering er
nr 4 med tida 32. 06 (3-1).
Individuelt VM-gull til
Tarjei!!! Publisert 08.
mars 2011
Fem millionar gratulasjonar frå alle vi veit om i Fjordfylket,
Skiskyttarkrinsen og Furet Værbitt!!!
Foto: Asgeir Årdal
Fantastisk Junior-NM Drangedal! Publisert 07.
mars 2011
TSN viste igjen at dette er eit team som har skiskyttarar mellom
dei aller beste i Noreg. På NM Junior Normal 3. mars vart Johannes nr.
1, Vebjørn nr. 2, Johan Eirik nr. 6, Helene nr. 7 og Pål Andre nr. 7.
Kompletter resultat
her.
På NM Junior Sprint 5. mars vart Johannes nr. 1, Jarle nr. 2 og Sigrid
nr. 5! Sprintresultata er
her.
På NM Junior Stafett søndag
06.03.11 vart Sogn og
Fjordane sitt førstelag med Sigrid, Heidi og Helene nr. 7 med
skyteresultat 0-0-0-0-0-0 i klasse K17-21. I klasse M17-19 vart Fylkeslag
1 med Jarle, Ole Martin Erdal (Førde), Håvard Gutubø Bogetveit (Førde)
og Johannes nr. 2! Alle stafettresultata finn du
her.
Dette er fantastistiske resultat, både teamleiing og skiskyttarkrins
gratulerer!
Om nokon var med og tok bilete, ville vi setje stor pris på å få dei på
epost nils.ola@frisurf.no ;-)
Bilete frå HL
stafett søndag Publisert 02.
mars 2011
Her kjem eit utval av bileta Sigbjørn knipsa under og etter
stafetten laurdag. Klikk på dei tre smilande jentene til høgre!
Og resultat-listene finn du
her.
Bilete frå HL
laurdag Publisert 27.
februar 2011
Sigbjørn måtte vere oppe til langt på natt for å sende oss
bilete frå renna og festen laurdag. Og som vanleg når nokon i teamet får
medalje, legg vi bileta ut i ekstra god kvalitet. Sjå albumet
her. No ventar vi spent på korleis stafetten fyk av seg! Du finn
både live-resultat og nett-TV på
http://hl2011.no/
I stafetten stiller Sogn og Fjordane 4 reine fylkeslag og deltar på eitt
mixlag saman med Hordaland.
HL Trondhjems SK
- Saupstad Publisert 26.
februar 2011
I dag har Isak vist alle at han er Noreg sin dyktigaste
16.-åring i sprint. Han spurta i mål 33 sekund før nestemann.
Gratulerer!!! Sjå gjerne Fjordabladet!
Resultatlistene frå laurdag finn du
her.
Foto: Sigbjørn Myklebust
HL Trondhjems SK
- Saupstad Publisert 25.
februar 2011
Sigbjørn melder frå Trondheim at dei har feira Andrea og Lars
med kake i kveld. Han har sendt oss masse flotte bilete og.
Takk! Vi her heime feirar dagen med å legge ut bileta i full
oppløysing :-) Klikk på den smilande gjengen til høgre og sjå!
Endringar i
terminlista Publisert 25.
februar 2011
Krinsstyret har bestemt at i staden for den oppsette jaktstarten
i Sunnylven søndag 13. mars, vert det KM stafett.
Sprintrennet laurdag 12. mars skal telje med i krinscupen. Det
vert sendt ut meir info om dette i invitasjonen frå Sunnylven
IL. Endringane står i rosa ruter i
terminlista.
HL Trondhjems SK
- Saupstad Publisert 25.
februar 2011
Her kjem pallbilete av den nybakte Noregsmeisteren Lars som like
godt skaut feilfritt i dag. Andrea vart nr. 2 og Mari nr. 4.
Isak kom inn på 13.-plass, Fredrik vart nr. 28, Kristin nr. 38,
Erlend nr. 56, Jørn nr.74 og Georg Kristian vart nummer 82. I
tillegg er det gledeleg å sjå at skiskyttarane Inga Elise, Helge
og Trygve frå Sunnylven har oppnådd flotte resultat i det første
hovudlandsrennet dei deltek på. Dei vart høvesvis nr. 30, 31 og
39. Gratulerer til dykk alle! Aina Sofie er ikkje i toppform og
stiller derfor ikkje til start denne helga. Du finn dagens
resultat
her.
Takk til Sigbjørn for biletservice!
NC/NM Fet Publisert 21.
februar 2011
Endå ein gong er det berre å ta av seg hatt og hue for å
gratulere TSN sine skiskyttarar med strålande resultat under det
tredje rennet i Noregscupen og NM jaktstart denne sesongen.
På laurdag var det Johan Eirik og Jarle som gjorde det aller
best med kvar sin 2.plass medan Heidi var 2 små sekund frå ein
3.plass. Magne har sendt oss mange bilete frå laurdagen som du
kan sjå her.
Søndag klinka Johan Eirik og Jarle til igjen med kvar sin
1.plass, medan det var Sigrid sin tur til å kome EITT sekund for
seint til ein 3.plass i jakstarten... Over 200 bilete frå NM
søndag ser du her.
Uendeleg mange takk til fotograf Magne! NB: Alle bileta er lagde
ut i full oppløysing!
Resultata laurdag finn du
her og søndagsresultata kan du sjå
her.
Stolt Noregsmeister! Foto: Magne Hjelle
Bilete frå KM Harpefossen 14. februar Publisert 19.
februar 2011
Vi har vore så heldige å få oversendt bilete frå Yngve Tolaas i
Fjordabladet frå rennet på Harpefossen sist søndag. Desse bileta
får vi bruke og laste ned fritt. Derfor legg vi dei ut i full
oppløysing denne gongen. Klikk på biletet av klassevinnar Mari
til høgre og sjå webalbumet!
Tusen takk til Yngve og Fjordabladet for flotte bilete!
Gull og sølv til Johannes! Publisert 18.
februar 2011
VI GRATULERER JOHANNES MED FABELAKTIGE RESULTAT I EUROPEISK
UNGDOMS-OL:
SØLV PÅ NORMALEN OG GULL PÅ SPRINTEN. Helsing styret i Team
Statkraft Nordfjord.
Resultatliste normal:
Klikk her!
Resultatliste
sprint:
Klikk her!
Johannes Thingnes Bø på toppen av pallen i Liberec. Foto: Thomas
Aabø.
Sjå meir om
dette i
Fjordingen.
KM Harpefossen Normal Publisert 13.
februar 2011
I dag var det mildare på Harpefossen slik at Normalen kunne
arrangerast. "Vi
hadde ein flott dag i sola i dag. Berre synd at det vart so
mange forfall. Hovudgrunnen var vel at folk fraus i går og ikkje
hadde trua på at det skulle verte betre i dag" seier Nils Magne
Nedreberg, leiar i Stårheim IL Skiskyting.
Her er i alle fall
resultatlista. Einaste ugla i dag gjekk til
Fredrik Munch STARHEIM. Det var lite vind, men sterkt sollys kan
ha vore medverkande til skyteresultat litt under middels for dei
fleste.
KM Harpefossen Normal er utsett Publisert 12.
februar 2011
Med 15 kalde grader på standplass og -17 ute i løypa, måtte
meisterskapen laurdag utsetjast. KM Normaldistanse vert i staden
sett opp søndag 13. februar dersom temperaturtilhøva tillet det.
Ikkje skiskyting:
Sit du inne og
kjedar deg? Tips: Høyr heller på god musikk frå gamle vener!
Eks-skiskyttarane Espen og Arne i The Last Province ligg på
3.-5. og 9.-plass på NRK P3 Urørt si
Indierock-liste denne veka!
Lansdelsmeisterskap Ullsheim Publisert 08.
februar 2011
Aller først: No er nettstaden vår på lufta igjen på flunkande
ny, betre og raskare server. Stor takk til
InMedia som held oss med
kostnadsfri nettstad og hjelper oss raskt når uventa ting skjer!
Lansdelsmeisterskapen på Ullsheim denne helga vart som vanleg
eit godt gjennomført arrangement med meir enn 200 startande
begge dagane. Krinsleiaren syntest i tillegg at det gjekk hardt
ut over uglebestanden. Det er bra at så mange skyt fulle hus!
Resultata frå laurdag ligg
her, søndagsresultata finn du
her. Krinsleiar Marit delte ikkje berre ut medaljar og
ugler. Laurdag tok ho nesten 70 bilete som ho gjerne deler med
deg. Derfor legg vi dei ut i retteleg god oppløysing, klikk på
hatten til Asgeir og VIPS....
Mann i hatt
Kvalfossprinten Publisert 31.
januar 2011
Gratulerer med fantastiske
resultat! Du finn alle resultata
her. Spesiell gratulasjon til Aina Sofie og
Isak som begge kom heim med Eirik Kvalfoss sin
vandrepremie for 2011!
Resultat laurdag: G 16
Isak Flo Bødal (1), Lars Midthjell Gjørven (12),
Martin Løvlid (30), Trygve Aaland Tryggestad (32),
Ivar Sakkarias Ringdal Sæter (57) J 16
Mari Sollid Eide (7), Kristin Heggen (31) G 15
Fredrik Munch Starheim (38), Jørn Smørdal Botn (42),
Georg Kristian Halsteinslid (44), Erlend Solhaug
Myklebust (57), Erik Raknes Forthun (76) J 15
Aina Sofie Bakke (1), Andrea Skeide Bakke (4)
Og kva
skjedde søndag? Mellom anna dette:
Andrea Skeide Bakke fekk 1. plass i J 15, Aina Sofie
Bakke kom på 2. plass i same klasse og Isak Flo Bødal
vann klasse G 16!
Klikk på bileta til høgre og sjå webalbum! Takk til
fotograf Sigbjørn. Fleire bilete finn du
her.
Endra reglar for huereklame
rekrutt
Korrigert 31.
januar 2011
Det
kjem nye reklamereglar for huene til rekruttane med det første.
Siste smørjetur Publisert 23.
januar 2011
Medan mange har hamna i
trøbbel grunna ein og annan smørjetur, er det ikkje mange i
Fjordfylket som har vore på fleire smørjeturar enn Olav
Brendehaug. NC2 til Brumundal førre helg var siste smørjeturen
til Olav. Han har vore å finne bak i bussane våre eller i meir
eller mindre tilrettelagde smørjerom i meir enn ti år no, i
trufast teneste for Nordfjord Team Skiskyting.
Det har vorte mange turar både med og utan buss desse åra. Olav
ser tilbake på denne tida med stor glede. Noko av det kjekkaste
var å smørje vinnarskia til Tarjei under NM på Lillehammer.
Elles hugsar han spesielt turen til Soknedal med den gamle,
ombygde "brødbilbussen" vår. Verstyresmaktene sørga for eit
veldig snøver, vindusviskarane rauk, det vart naudovernatting på
Dombås og heimtur om Åndalsnes. Men bortsett frå ein liten bulk
og ein uventa tur i grøfta, har bussturane gått fint. Han
innrømmer likevel at enkelte av turane vart veldig lange. No har
Olav lyst til å bruke meir tid på hobbyane sine, mellom anna
skigåing og fjellturar.
"Skal du ikkje sjå fellesstart kvinner? Den startar no" seier
Olav brått. Då skjønar vevmeister at telefonpraten er over for
denne gongen. Både teamleiinga og skiskyttarane sender ei stor
takk til Olav for innsatsen han har lagt ned for teamet vårt
alle desse åra!.
Bilete frå NC2 Publisert 18.
januar 2011
Magne Hjelle tok store
mengder flotte bilete frå NC2. Grunna for liten minnepinne kjem
ikkje på langt nær alle med i denne porsjonen, men det kjem alså
fleire bilete seinare. Takk til den trufaste fotografen vår!
Klikk på den stolte klassevinnaren Johannes til venstre, og vips
så er du inne i webalbumet. Denne gongen trør vi til med ekstra
store bilete dersom du klikkar på ikona. Bileta kan lastast ned
og ;-) Her er dei 58
siste bileta!
Krinsrenn sprint Hornindal Publisert 18.
januar 2011
Søndag 16. var det sprintrenn
i Hornindal.
Her
er resultatlista for dei rangerte klassene.
Kjemperesultat i
NC2!!!
Retta 18.
januar 2011
No har
eg endeleg funne dei offisielle
resultata frå søndagens sprint i NC2 på Veldre Sag. Her er det
korrekte oversynet over dei frå TSN som kom mellom dei 10 beste: K17: Heidi nr 4!
M17: Johan Eirik nr 1!
M18: Johannes nr 1, Jarle nr 7, Pål Andre nr 10!
K20-21: Sigrid nr 10! Dette har vore ei fantastisk helg for teamet vårt!
Gratulerer med innsatsen til dykk alle, enten du køyrde bussen,
sørga for overnatting, koka maten, smurde skia, såg i kikkerten,
sekunderte, heia i motbakkane eller fossa fram i løypene! Dei
offisielle resultata finn du
her.
Send gjerne bilete i normal oppløysing til
nils.ola@frisurf.no!
NC2 Brumund Publisert 15.
januar 2011
Dei offisielle
resultata frå Veldre Sag viser at Johannes T. B. har
sikra seg ein fenomenalt god 1.plass i M18, Johan Eirik M. har
gått i mål som nr. 3 i M17 og Sigrid H. kom inn på 4.plass i
K20-21. Så no er det berre å la korken flyge i taket på dei
siste flaskene med julebrus!
Gratulerer med mange flotte resultat til dykk alle som har
trakka beinharde motbakkar på Veldre Sag i dag!
Her finn du resultatlista for TSN sine skiskyttarar.
Komplette lister kan du sjå
her.
KM Markane 8. og 9.
januar Publisert 09.01.2011
Denne helga var det KM i Markane. 123 skiskyttarar starta laurdag og
det var gledeleg å sjå Vikjene på "gamle" trakter! Skiskyttarane frå Volda reiste heim med fleire medaljar både laurdag
og søndag. Løypene på Ullsheim var flotte og standplassen var
fantastisk fin. Austavinden som bles frå alle kantar var det ikkje
stort å gjere med.
Dette var eit godt gjennomføret arrangement.
Både Rune Otterdal og Rune Totland har sendt oss flotte bilete frå
renna i helga. TAKK til dykk begge! Du finn lenke til resultatlister
og to webalbum på terminlista, bruk venstremenyen! Du finn bilete både av store og
små her ;-)
Revidert
terminliste Publisert 06.01.2011 Hei!
I dag har eg lagt ut ny versjon av terminlista. Det nye er at du også
finn lenke til resultat og bilete på lista. Vevmeister vil vone at
dette gjer det enklare for alle å finne det dei ser etter på sidene
våre ;-) Bruk venstremenyen!
Hei - og GODT NYTTÅR til dykk alle!
Publisert 04.01.2011 Ja, så er vi igang med ny sesong og to renn er allereie arrangert med god
deltaking! Oppsette renn 15. og 16 januar i Hornindal:
Viser til utsendt invitasjon frå Rune Otterdal om renn søndag 16.01.
Terminlista blir endra slik at det blir renn berre den dagen og ikkje
laurdag 15.01. Det var sagt tidlegare at dersom det vart renn før jul,
skulle Hornindal få høve til å ha berre eitt renn denne helga om dei
ynskte det.
Informasjon på heimesida: Vedrørande heimesida til krinsen, har vi pr i dag ikkje folk som kan ta
seg av å oppdatere denne. Dersom nokon av dykk har tips om einkvan som
kan gjere dette arbeidet, er vi glade for å få tilbakemelding om det !
Informasjon blir lagt ut på heimesida til Team Statkraft Nordfjord:
www.nordfjordteam.no av Nils Ola. Håper de som arrangerer kan ta dykk
tid til å skrive nokre ord om renna. Nokon av dykk er flinke til å sende
bilete, og det er flott!
Det er fint om de kan sende resultat frå renna direkte til han på e-postadresse:
nils.ola@frisurf.no, slik at dei kjem inn på sida så
snart som råd er.
Inndeling i klasser Etter vedtak på krinstinget i 2010, skal KM og LM arrangerast med reine
årsklasser. På denne måten har vi lik praksis med Hordaland.
I dei andre renna har arrangøren høve til å velge om dei vil køyre reine
årsklasser eller slå saman slik vi har brukt å gjere ut ifrå tal på
påmelde. Det er ikkje sett noko grense for kor mange påmelde det må vere
før klassene blir delte.
mvh
Sogn og Fjordane Skiskyttarkrins
v/Marit Hjelle
Romjulsrenn på Ålandsleitet Publisert 31.12.2010 4.
juledag vart det tradisjonelle Romjulstenner på Ålandsleitet skipa til.
Rune Otterdal har sendt oss ein heil haug med flotte bilete som du kan sjå her.
Flott krinsrenn i Hornindal
Publisert 14.12.2010
På søndag gjekk det første skiskyttarrennet i Sogn og Fjordane av stabelen
i Hornindal. Etter bileta å døme var forholda gode og heile 94 store og små
skiskyttarar stilte til start. Dette er gledeleg. Enno meir gledeleg er det
sikkert for skiskyttarane i Volda som reiste heim med ein flott førsteplass!
Du finn komplett resultatliste for rangerte deltakarar her.
Helge Otterdal har sendt oss 236 bilete av det som gjekk føre seg av
skiskyting i Fjordfylket denne helga. Takk skal du ha, Helge! Klikk på
biletet av Rune til venstre så får du sjå webalbumet. Dobbelklikk på ikona
for å sjå dei i full storleik.
Ny siger til Tarjei!
Publisert 11.12.2010
Ingen var i nærleiken av å truge Tarjei på jaktstarten i Hochfilzen idag,
han leia frå start til mål. Med 19 av 20 moglege treff, er det ei glede for
team og krins å kunne gratulere deg med sigeren idag og! Du finn resten av
resultatlista her.
Her legg Tarjei ut på dei siste 2,5
kilometrane etter siste skyting. Biletkjelde: NRK
Siger til Tarjei i Hochfilzen!
Publisert 10.12.2010
Under verdscuprennet idag i 10 km sprint, vann Tarjei Bø frå Stryn og
Markane sin aller første siger i verdscupen. Han gjekk i mål heile 27,5 før Sergej Sednev, som
kom på 2. plass.
Det var tett snøver under sprinten i Hochfilzen og dette skapte svært
vanskelege tilhøve på standplass. Tilhøva vart verre og verre utover i
rennet. Tarjei fortel til NRK at han prøvde å snu dette til noko positivt og
at alle dei andre skiskyttarane sikkert hadde det enno verre enn han sjølv.
Team Statkraft Nordfjord og Sogn og Fjordane Skiskyttarkrins sender våre
varmaste gratulasjonar til deg, Tarjei! I morgon er det jaktstart, dette vert
spennande!
Resten av resultata frå rennet idag kan du sjå her.
Det snødde godt då Tarjei
skaut! Foto: NRK
Bilete frå NC1 Trondheim
Publisert 09.12.2010 Magne har sendt bilete frå renna i Trondheim denne helga.
Vi nyttar høve til å vise fram eit "nytt" fjes på sida vår,
Heidi som vart nr. 3 i det første noregscuprennet ho deltok i. Klikk på biletet
av Heidi til høgre for å heile sjå albumet på 116 bilete. Ei stor takk til
fotograf Magne som tok seg tid til å knipse bilete i tillegg til mange andre
gjeremål desse dagane!
Korrekt reklame på vest ++
Publisert 06.12.2010 Vi har lagt ut bilete av korrekt reklame for
vest. Sjekk meny "Draktreklame" eller klikk på biletet til høgre
for å sjå det i full storleik.
Etter oppmoding frå Frende forsikring er Johan Kaggestad si innleiing frå
ToppIdrett i Sogndal i april 2010 fjerna frå sidene våre.
Statkraft Cup 1: Johannes,
Heidi og Jarle på pallen!
Publisert 06.12.2010 Denne tevlinga som skulle ha
gått i Folldal, vart flytta til Saupstad skisenter grunna kulde. Laurdag 4.
desember var det normal, men ingen frå TSN var mellom dei 10 beste. Sjå
resultata her.
Søndag var det
sprintdistanse og her gjekk det betre: 1.plass til Johannes, 3.plass til Jarle
og 7.plass til Pål Andre i M18! Mellom dei 10 beste finn vi Heidi Flo Bødal
som vart nr 3 i klasse K17 og Sigrid Hjelle som vart nr. 9 i klasse k20-21.
Komplett resultatliste ligg her.
Kjempehelg på Beitostølen!
Publisert 16.11.2010 "Våre
2 landslagsutøvarar markerte seg skikkeleg i helga, Tarjei med siger på
sprinten og Ronny med jamt sterke prestasjonar både i spesiallangrenn og i
skiskyting. Stor merksemd fekk også Johannes, med 2 godt gjennomførte
konkurransar kvalifiserte han seg direkte til Europacuprenna som går på
Beitostølen 27.-28. november. Veldig artig å følge Johannes både på
sprinten og fellesstarten. På sprinten låg han like bak Tarjei ut etter 1.
skyting, og på fellesstarten heldt han følgje med Bjørndalen heilt inn til
3. skyting!!!
I forbindelse med opningsrenna vart det også delt ut Vitalstipend.
Johan Eirik fekk tildelt kr 5000 for siger i hovedlandsrennet, medan
Markane IL fekk kr 12500 i klubbstipend for siger i 16 års klassen på
hovedlandsrennet. Ole Einar Bjørndalen var prisutdelar på banketten."
Dette fortel John Roger som også har sendt oss dei flotte bileta nedanfor:
Tarjei øverst på pallen!
Ronny i flott driv!
Tarjei i løypa!
12.500
blanke kroner til Markane!
Terminliste
2010 - 2011
Publisert 08.11.2010 No er terminlista for komande sesong klar, du
finn ho i hovudmenyen til venstre eller her.
Du kan og laste ned lista i Excel-format her.
Elles må vi
sjølvsagt nytte høvet til å gratulere Tarjei med glimrande resultat på
Sjusjøen denne helga, der både Emil H. og Ole Einar B. måtte sjå seg
slått!
Det har vore lite nytt på desse sidene ei stund no - rett og slett fordi det
ikkje har vore noko spesielt å skrive om. Men ikkje fortvil - dette rettar
seg no frametter.
Vevmeister kjem rett frå
Vik no i kveld. I fall nokon skulle lure - det er ytterst beskjedent med snø
hos Vikjene.
Grattis, Tarjei!
(Arkivfoto)
Skiskyttarnytt sesongen
2010 - 2011
Oppdatert 11.09.2010 Vi har lagt ut informasjon om
arbeidsforedeling, grov samlingsplan, samlingsplan for rekruttar og oversyn
over støtteapparatet. Du finn desse dokumenta samla under meny "Info
2010 - 2011".
Elles har Arne bestemt seg
for ikkje å satse vidare på skiskyting på nasjonalt nivå. No satsar han
på ei musikalsk karriere i staden. Råstoff til den første demoplata vart
lagt på disk i Gymmen Rockescene seine nattetimar denne veka. Følg med!
Og for vevmeister
sin del, vert dette siste sesongen eg driv desse heimesidene og formidlar
resultat og bilete til aviser og klubbar.
Rulleskibana på Ullsheim godt
igang!
Oppdatert 24.08.2010 Bygging av rulleskibane
på Ullsheim er i full gang! Målet er å ferdigstille denne i haust, dersom
"ver og føre" er bra framover. Ved gjennomgang av løypa i sommar
var Tarjei veldig fornøgd med traseval, profil m.m. Lengste løypa blir ei
skikkeleg "jobbeløype", så her vil våre TSN-løparar legge
grunnlaget for mange pall-plasseringar framover fortel Klemet. Her
finn du fleire bilete.
God sommar!
Publisert 25.06.2010
Vevmeister
vil takke dykk alle for ein strålande TSN-sesong. Samstundes vil eg og
og ynske ei handfull nye skiskyttarar velkomne i Teamet. Sidan sist:Vik IL Skiskyting har søkt om overflytting
til Hordaland krins. Det er grunn til å tru at dette vert innvilga av
Skiskyttarforbundet. Dette betyr at vi i framtida berre får tevle mot
Vikjene i landsdels- og nasjonale renn. Breiband i Teamet: Styret i TSN har kjøpt inn ein ICE-router som
skal halde Teamet med breiband på samlingar og tevlingar kringom i
Furet Værbitt. Dette er nøyaktig same utstyr som vi innimellom har
fått låne med SFE tidlegare. Dette vil gjere sekundering lettare,
distribusjon av bilete/nyhende til vevmeister og aviser VELDIG mykje
lettare og dei som tar med PC-ane sine vil stort sett kunne vere på
nett når dei har behov for det. Eg nemner i fleng behov for
skulearbeid/classfronter/msn/fjesbok/twitter/piratebay og så
bortetter... Og no er det alså sommar. Det er vel ikkje berre trening
i regnveret? Mellom 100 og 150 er innom sidene våre kvar veke midt på
blanke sommaren. Med andre ord er det "nokon" som ser etter
nyhende, men no er det lite å fortelje om. Kva gjer de på
alle saman i TSN? Send meg nokre ord, bilete eller sms-ar så skal
eg med glede putte dette på sida vår så sant eg finn ein PC.
Eg veit sjølvsagt kva Arne gjer - bortsett frå å jobbe i Stryn
Energi. Følg denne
lenka så får du eitt av svara. Du finn han snart med gitaren på
friluftscena under Malakoff-festivalen
saman med ein annan kjenning, eks-skiskyttaren Espen Aaland. Her
kan du sjå frå debutkonserten. Og så er han ein av dei to eigarane
til MS "Fades1" med 8 HK Sabb diesel og det heile... (Biletet
over)
Men som sagt: Send meg nokre ordom kva DU driv med. Retteleg
god sommar til dykk alle!