ToppIdrett
Publisert 25.04.2010
|
Forrige laurdag var det
samling i Sogndal innan prosjekt ToppIdrett. Då dette som vanleg
kolliderte med andre skiskyttararrangement, legg vi ut innleiingane som
vart presenterte på samlinga her. Retningslinjer treningskultur, Samarbeid idrett/VGS, Samarbeid VGS/Kaupanger, Innleiing Kaggestad |
frå Liatoppen
Publisert 24.04.2010
| Vi har lagt ut 125 bilete som Magne Hjelle knipsa på Liatoppen sist helg. Bileta finn du her. Her finn du både skiskyttarar som går for TSN og dei som kjem til å gå der om ei tid. Takk skal du ha, Magne! |
Bendit Liatoppen
Publisert 18.04.2010
I dag løsna det endeleg for
TSN! Med gull til Isak og bronse til Vebjørn, vart dette ei strålande
avslutning på denne skiskyttarsesongen. Teamet sin resultat finn du
under bileta, alle resultat her.![]() ![]() MMS-foto: Magne Hjelle Bendit Liatoppen 17.-18.04.10Ål skiskytterlag. Liatoppen skisenter
|
Altfor dårleg, vevmeister!
Publisert 13.04.2010
|
Vevmeister innrømmer det så gjerne: Eg har ikkje på nokon måte vore rask nok med å legge ut bilete frå NM. Likevel er det slik at innimellom må nye barnebarn prioriterast... Johannes gjekk inn til ein aldeles utruleg 10.-plass i 10 km sprint fredag med skyteresultata 0-0. No trur eg Marit Krinsleiar må bla opp ei ekstra, kjempediger ugle! Laurdag kom Ronny på 9.-plass i 15 km Fellesstart! Og søndag vart Fjordfylket sitt 1.-lag nr. 6 i stafett! Her gjekk Magnus, Håvard (Førde), Ronny og Johannes! Du finn komplette resultatlister for alle NM-tevlingane her. Fleire bilete som Olav har tatt finn du her. |
NM Normal Simostranda
Publisert 07.04.2010
|
Magnus best av våre i dag
med 39.plass. Ronny 41, Eirik 57 og Arild 61. Desverre har vi framleis
store problem med å distribuere bilete grunna ustabilt nett på
Simostranda. Neste år MÅ dei som reiser med kamera få sleppe dette.
Vevmeister tar oppatt framlegget frå 2008 om å kjøpe inn ein
ICE-router til neste sesong. Magnus og Olav har fått gjennom nokre få
bilete FRÅ IDAG, Olav er fotograf. Takk! |
Siste nytt frå
veddemålsbana
Publisert 07.04.2010
|
Denne gangen var det Rune
som vann eit veddemål, der Isak Fænn tapte. Straffa for å ikkje
oppnå topp-5 i NC eller NM var å farge håret rosa. Og det vart rosa,
bokstavelig talt! Dersom Isak hadde klart målet, måtte Rune ha farga
håret nok ein gong, etter å ha hatt både blond og grøn hårfarge i
vinter. Tekst og foto: Kjetil Netland. |
Meir frå
kulturprisutdelinga
Publisert 01.04.2010
|
Nei, det er ikkje
aprilsnarr: Vi har fått inn både fleire bilete og manus til to av
talane som vart heldne til ære for Tarjei då han fekk kulturprisen i
Stryn. Derfor er Tarjei-sida oppdatert, sjå her. Med det same vil teamleiinga og vevmeister nytte høvet til å ynskje alle som har noko med Team Statkraft Nordfjord å gjere ei retteleg fin påske! |
Heider og ære til Tarjei
med fleire
Publisert 30.03.2010
|
Det kom som ei
overrasking på Tarjei at han fekk Stryn kommune sin kulturpris idag om
vi skal tru nettutgåva av avisa Fjordingen
i kveld. Kommunen hadde stelt istand ei kjempefin markering for Tarjei og alle dei andre som har kome heim til Stryn med sekken full av nasjonale medaljar av ymse slag. Det var talar både frå ordførar, fylkesordførar, krinsleiar og mange fleire. No er det likevel ofte slik at det er av sine eigne ein skal ha det: Isak og Johan Eirik utfordra Tarjei på vegne av TSN til å stille i Skåla Opp! Kjetil har sendt oss både fine bilete og tekst frå feiringa. Vi feirar dette med ei eiga Tarjei-side som du kan sjå her. |
|
NM-Bronse til Linn Kathrin,
TSN og Sogn og Fjordane!
Publisert 28.03.2010
Linn Kathrin gjekk 1. etappe
på eitt av dei 5 laga Sogn og Fjordane stilte i NM mix stafett på
Gautefall idag. Linn sitt lag spurta inn til NM-bronse, berre 3 små
sekund bak sølvlaget. Gratulerer! På dei andre to etappene
gjekk Asbjørn Wold (Vik) og Håvard Gutubø Bogetveit (Førde). Johannes gjekk på laget som vart nr.9 og Ivar på laget som kom inn på
12.-plass. Det var ialt 28 lag idenne klassa, 17-19 år. I klasse
17-senior kom laget med Sigrid, Magnus og Runar inn på 12.plass. 14 lag
stilte i denne klassa. Sjå alle resultata her.![]() Asbjørn Wold, Linn Kathrin og Håvard G. Bogetveit med medaljane på. Foto: Svein-Inge Wold - Vik IL. |
2.-plass til Linn Kathrin!
Publisert 27.03.2010
|
K19: I dag gjekk Linn Kathrin inn
på ein kjempefin 2.-plass i NC fellesstart på Gautefall, 45 sekund bak
vinnaren! I M17 vart Johannes nr 8, Pål Andre nr 10 og Jarle nr 11. I
M19 vart Ivar nr 20 og Einar nr 23. Det er dette vi veit så langt idag. Espen, Arild, Sigrid H og Arne går seinare i ettermiddag. Du kan sjå resultata her. MMS: Olav Brendehaug |
Krinscupavslutning
Jaktstart Harpefossen med resultatlister Krinscupavslutning Sprint
Harpefossen Young Star med webalbum
Her er dagens resultat
for Team Statkraft Nordfjord:
Drangedal IL. Gautefall Biathlon
Sprint 26.03.10
I morgon er det fellesstart
som startar kl 10:00. Vi beklagar, men grunna elendig nett i Drangedal,
er det komplett umogleg å få fram bilete i kveld. Desse må vi derfor
kome tilbake til seinare, desverre.
Plass
Navn
Klasse
Tid
7
Bakke,Linn Kathrin
Kvinner
19 år, 6.0 km
18:38 +18:38 (1-2)
2
Bø,Johannes Thingnes
Menn
17 år, 7.5 km
19:47 +19:47 (1-0)
31
Bødal,Espen Flo
Menn
18 år, 7.5 km
23:03 +23:03 (0-2)
33
Bøe,Eirik
Menn
20-21 år, 10.0 km
26:55 +26:55 (1-2)
24
Fænn,Isak Fotland
Menn
17 år, 7.5 km
22:14 +22:14 (0-3)
4
Gjørven,Jarle Midthjell
Menn
17 år, 7.5 km
20:20 +20:20 (0-1)
DNS
Heggen,Merete
Kvinner
17 år, 6.0 km
00:00 +00:00 ()
33
Henden,Arild Lote
Menn
Senior, 15.0 km
49:36 +49:36 (3-1-2-2)
21
Hjelle,Sigrid
Kvinner
20-21 år, 7.5 km
27:14 +27:14 (2-3)
16
Netland,Runar
Menn
17 år, 7.5 km
21:56 +21:56 (1-2)
8
Nord,Ivar Steffen Os
Menn
19 år, 7.5 km
20:45 +20:45 (0-1)
34
Roset,Geir-Olav
Menn
17 år, 7.5 km
22:44 +22:44 (1-3)
19
Skrede,Pål Andre
Menn
17 år, 7.5 km
22:10 +22:10 (1-2)
41
Strand,Arne Hjelle
Menn
19 år, 7.5 km
26:31 +26:31 (2-5)

Etter det vevmeister skjønar, er dette biletet av arenaen på Gautefall
tatt i dag ;-)
Publisert 21.03.2010
Under krinscupavslutninga
idag viste skianlegget på Harpefossen seg frå si aller vakraste side.
Med strålande sol, blå himmel og ganske mange varmegrader i solveggen,
var det berre å sleppe skuldrane ned og koses seg. Det var sikkert
fleire enn eg som lurte på om dette er ein forsmak på påskeveret...
Til og med printeren til Nils Magne fann det for godt å virke. Og den
nye rådmannen i Eid - Ørjan - overgjekk seg sjølv bak mikrofonen i
speakerbuda.
Etter den vanlege premieringa, utdeling av premiar i krinscupen og
overlevering av dagens ugle, trekte krinsstyremedlem Hildegunn Gjørven
Midthjell ut ekstrapremiar på startnummera. Til sist takka ho for
denne fantastisk flotte sesongen og ynskte alle vel heim og velkomen
tilbake når den nye sesongen startar. Dagens fotoalbum er heller ikkje
å forakte. Det finn du her.
No er det berre Noregscupen i Drangedal som står att for dei eldste og
Bendit Liatoppen for dei yngste. Resultat: Nybegynnar-10
år, Sprint 11-12 år
og Jaktstart.
Det er så mangt som dukkar opp i kameralinsene ein slik dag. Kva
i alle dagar er det Linn Kathrin prøver å få til på brua? Har ho
planar om å FLYGE i mål, eller...?

Linn Kathrin på brua. Foto: Aina Sofie Bakke ;-)
Publisert 20.03.2010
I år hamna det heile 3
Sparebankkrus i hendene på TSN-løparar. Gratulerer Jarle og Johan
Eirik!

I grått og vått ver og med heller tregt føre, skipa Stårheim IL til
eit feiande flott sprintrenn på Harpefossen idag. Rennet skulle ha
gått på Kålsete, men vart flytta til Nordfjord fredag. Ei kjempestor
takk til Stårheim IL Skiskyting med Nils Magne Nedreberg i spissen som
tok denne tøffe utfordringa på strak arm! Resultatlister
opp til 10 år finn du her,
resultata til dei over 10 år ligg her.
I morgon er det meldt betre ver til jaktstarten, heldigvis.
Eg gjekk som vanleg rundt med kamera og tok bilete av både den eine og
den andre. Velkommen!
Publisert 20.03.2010
Det vart ein kjempedag i kollen for våre løparar. Lars skaut 9 treff
og med god fart kom han inn til 10 plass blandt dei 30 beste 16 og 15
åringane i landet. Johan Eirik skaut godt, 9 treff. Det vart eit
spennande løp der han låg langt framme heile tida. I mål var han
berre 4,5 sekund etter vinnaren frå Målselv. Vi såg løpet på NRK i
dag. Isak kom inn til ein flott 4 plass etter kun 1 bomskot. Emilie
skaut også godt, ho hadde 2 bom og kom inn til 19 plass etter å ha
fått det litt tungt i sporet. Vebjørn kom inn på ein 22. plass med 4
bom. Når vi også tek med at Tarjei vart nest beste nordmann i
Worldcupen og delte ut premiane på Youngstar, så må dette vere nok
ein stor dag for Nordfjord Etter løpet var det premieutdeling og middag
på Holmenkollen Park Hotell. Tora Berger, Hallvard Hanevold og Tarjei
Bø delte ut premiane. Middagen fekk løparane servert saman med
landslagsløparane. Sjå webalbum her.
Tekst og bilete: John Roger
Meland
Vevmeister reknar med at krinsleiar Marit dukkar opp med fleire bilete
etter kvart. Takk, John Roger!
HL i Alta avslutta med
stafett idag
Publisert 13.03.2010
Les alt om stafetten og
sjå bilete frå idag på vår eiga side frå
Hovudlandsrennet! ![]() Vi som var heime er rimeleg vis så stolte at vi held på å sprekke. Har de gjort det betre nokon gong? Her er eit prøvertykk av det nye Nordfjord-frimerket som teamleiinga skal til Posten sitt hovudkontor med tidleg i neste veke. Til alle de som deltok, smurde ski, vaska opp, sekunderte, organiserte innskyting, smurde nistepakkar, kjøpte juice, vekte sjusovarane, sløkte lyset osb.: GRATULERER!!! |
Fenomenalt HL i Alta!
Publisert 13.03.2010
|
I dag laurdag vart
det forsyne meg sølv til Isak og bronse til Vebjørn (som skaut
fullt hus igjen) under sprinten. Kanonhelg! Følg
med på vår eiga side frå Hovudlandsrennet! (Oppdatert
kl 20:00) Massevis av nye bilete frå laurdag lasta opp
søndag kl 11:30. Webalbum frå laurdag her.
TSN fekk skikkeleg bra
uttelling i Alta i går. G15: Sølv til Isak, 4-plass til
Lars og 32-plass til Martin! J16: Bronse til Helene som skaut
fullt hus, 6-plass til Emilie, 33-plass til Heidi, 34-plass til Anja Bertine!
G16: Gull til Johan Eirik, sølv til Vebjørn! Begge skaut
fullt hus! Sjå webalbum
frå fredag! |
NM langrenn junior
Markane
Publisert 08.03.2010
| Takk til alle skiskyttarar som stilte opp i NM jr langrenn og mellom anna gjorde det mogleg å stille så mange stafettlag frå Fjordfylket. Utan skiskyttarane hadde det vorte tynt i rekkene! Resultat og anna frå tevlingane i Markane finn du her. |
Resultat NM Stafett junior
Publisert 01.03.2010
|
I klasse M17-19 gjekk Einar
og Johannes på stafettlaget som kom på 4.-plass, medan Ivar, Jarle og
Bjørn Erik var på laget som tok 6.-plassen. I klasse M17-21 kom laget
Linn Kathrin og Sigrid gjekk på inn til ein 7.-plass. Merete gjekk på
Sogn og Fjordane 2 som vart nr. 20. I M17-21-klassa vart Sogn og
Fjordane 1 nr. 14. Her gjekk Pål Andre, Isak F., Eirik og Espen. Sogn
og Fjordane 2 med Hans-Erik, Geir-Olav, Runar og Arne kom inn på
19.-plass. Komplette resultat finn du her. Fotoalbum frå torsdag (normal) her, fredag her, laurdag (sprint) her og søndag (stafett) her. Alle foto (311 stk): Marit Hjelle. TNX! Stafettlag Sogn og Fjordane 1 i NMjr: Linn Kathrin, Sigrid og Trude Fosse (Vik). Foto: Marit Hjelle |
Tarjei tok gull i OL!
Publisert 28.02.2010
|
Verda står ikkje til
påske! Tarjei Bø frå Markane IL fekk gull i herrestafetten! "Stryn
har fått sitt andre OL-gull i historien! Tarjei Bø gjorde ein
kjempemessig andre-etappe i skiskyttarstafetten og viste alle
konkurrentane ryggen etter siste skyting" skriv redaktør Bengt
Flaten i Fjordingen. TSN stiller seg sjølvsagt i rekka av gratulantar!
Sjå meir om dette i Fjordingen. Ein ellevill Bø-familie supplert med krinsleiar Marit feirar OL-gull til Tarjei i Vancouver! |
Resultat Sprint junior-NM Frol
Publisert 28.02.2010
|
Med Johannes på 2.-plass,
Linn Kathrin på 5.-plass og Jarle på 10.-plass i junior-NM Sprint, kan
Team Statkraft Nordfjord enno ein gong slå fast at nokre av dei
største skiskyttartalenta i Kongeriket går for TSN. Vevmeister vil
sende ei varm helsing til alle som stilte opp og gjorde sitt beste også
denne gongen. Kvar og ein av dykk skal vite at heile Nordfjord er
utruleg stolte! Resultata våre ser du nedanfor, komplett liste finn du her. Biletalbum vert lagt ut måndag kveld.
|
Jarle Noregsmeister
Normal!!!!
Publisert 25.02.2010
|
Foto: Marit Hjelle Gratulerer Jarle! No er du Noregsmeister og dette er vi utruleg stolte av! Elles vart Johannes nr. 5 og Linn Kathrin nr. 9 for å nemne dei aller beste. Her er TSN sine resultat idag:
Dei andre resultata finn du her. I morgon er det pause i Frol. |
Resultat KM Sunnylven med
bilete
Publisert 21.02.2010,
endra 22.02.2010.
|
I usedvanleg kaldt vestlandsver gjekk KM Fellesstart av stabelen laurdag og KM Sprint søndag i Hyttehola, anlegget til Sunnylven. Det var gnistrande flotte løyper og alt var på stell der i garden. Det einaste som mangla var krok på innsida av døra til toalettet ;-) TSN kan vere stolte av alle dei flotte resultata denne helga, sjølv om ein kan få intrykk av at Vikjene gjorde reint bord om ein les Sogn Avis 22. februar. Resultat fellesstart laurdag her: http://www.hellesylt.no/upload_images/075E06178816483EA513D509D1DAC777.pdf Resultat sprint søndag her: http://www.hellesylt.no/upload_images/119113F93D36423A9C8CEF337FC55C78.pdf Også denne gongen har vevmeister gleda av å presentere bilete av både den eine og den andre. Vil du ha bilete av deg sjølv i skikkeleg oppløysing, er det berre å sende ein epost til nils.ola@frisurf.no med nummeret på biletet du vil ha. For FREE!!! Fotoalbum frå søndag finn du her. |
Info junior-NM Frol
Publisert 21.02.2010
| Her finn du informasjon om JRNM Frol. |
Fleire bilete frå VM i Vik
Publisert 17.02.2010
|
Rune Otterdal har sendt oss
ei mengde bilete som han tok under VM i Vik. Sjå webalbum her!
Takk skal du ha!
Her finn du bilete både av anlegget, kjende Honndøler, premieutdeling... you name it!
|
|
Resultat denne helga
Publisert 14.02.2010
|
Gratulerer til Johannes med
førsteplass og Linn med tredjeplass i NC i Mo i Rana i dag. Dette er
rett og slett fantastisk! Dagens øvrige resultat finn du her. Ikkje rart Johannes er fornøgd! Foto: Olav Brendehaug Elles har det vore krinsrenn på Ålandsleitet og Harpefossen denne helga. Resultata finn du her og her. Diverre renn eg tom for tid no fram til onsdag, men kos dykk med bilete frå Harpefossen idag så lenge! |
NM/Statkraftcup 3 - Mo i
Rana:
BRONSE TIL LINN KATHRIN!!!
Publisert 13.02.2010
|
Gratulerer til Linn Kathrin
med bronse i NM fellesstart!!! Gratulerer til Jarle og Johannes med
høvesvis 7.- og 8.-plass! Gratulerer til alle på TSN! Det var ikkje ideelle skyteforhold i dag og mange av skiskyttarane våre skaut meir bom enn vanleg. I skrivande stund er dei alle på middag og det vert meldt at maten er fantastisk. Komplette resultat med ulike sorteringar ligg her. Vi har litt problem med å få fram bilete, men dei kjem etter kvart. Her er teamet sine resultat i NM Fellesstart med lenker og det heile: NM/Statkraftcup 3-Vitalcup 4Bossmo & Ytteren IL. Skillevollen, Mo i Rana13.02.10
|
Strålande VM i Vik - no
med
mange
fleire bilete!
Publisert 07.02.2010
- oppdatert 08.02.2010
![]() Alle desse Nordfjordingane våre skal gå Young Star i Holmenkollen! Foto: Magne Hjelle Vi må få takke alle i
TSN som gjorde ein kjempeinnsats under vestlandsmeisterskapen i Vik
denne helga! På Normal laurdag vart Johan Eirik, Emilie og Johannes
vestlandsmeistrar. På Sprint idag fekk Isak, Johan Eirik, Emilie og
Johannes denne stolte tittelen. I tillegg vart det både andre-, tredje-
og mange andre flotte plasseringar. Gratulerer til dykk alle!!! |
Ikkje skiskyting:
Kommunecup 2 Eid klassisk
Publisert 03.02.2010
| Skiskyttarane gjorde det verkeleg skarpt i minus 16 på Tua i går. Du finn resultatliste og bilete på Stårheim IL Skiskyting sine nye nettsider: http://www.starheimsbygda.no/starheim-il-skiskiskyting |
Endringar i terminlista
Publisert 30.01.2010
|
Grunna
avlyste renn tidlegare i sesongen, har krinsstyret no oppdatert
terminlista. Sjå endring KM Sunnylven og kva renn som tel med i
krinscupane. Det vert og renn 13. og 14. februar. Endringane
er forsøkt markert med
feit kursiv i terminlista.
Dette er endra:
|
Uttak til Young Star
Publisert 28.01.2010
| På www.skiskyting.no står det at Kvalfossprinten og VM på Voss 13. og 14. februar er kvalifiserings- renn for region Vest. Dette siste er ikkje rett. Det er Vestlandsmeisterskapen i Vik 6. og 7. februar som er kvalifiseringsrenn for Young Star i tillegg til Kvalfossprinten. |
Some small adjustments...
Publisert 25.01.2010
| Etter vevmeister si meining har TSN sine sider lasta for tregt den siste tida. Årsaka er at det vert mykje billedstoff i denne ramma med nyhende. Derfor er eldre nyhende frå inneverande sesong flytta til ei eiga side med lenke nederst. Vil vone sida lastar raskare no! |
KVALFOSSPRINTEN
Publisert 24.01.2010, korrigert
25.01.2010
|
Vevmeister må få gratulere
alle deltakarane i Kvalfossprinten (og -normalen ;-)) for glimrande
resultat denne helga! Takk for at de var så flinke og brukte drakter
med rett reklame! Teamresultat: Sprint laurdag: Kristin nr 29, Emilie nr. 2, Heidi nr 13, Helene nr 14, Anja nr 16 og Janne nr 34! Lars nr 3, Isak nr 9, Trygve nr 34, Martin nr 42, Ivar Sakkarias nr 62, Johan Eirik nr 7 og Vebjørn nr 14! Normal søndag: Kristin nr 18, Emilie nr 7, Helene nr 27, Anja nr 30, Heidi nr 35 og Anja nr 36! Isak nr 1, Lars nr 6, Martin nr 52, Ivar Sakkarias nr 65,Vebjørn nr 5 og Johan Eirik nr 52!!! Du finn komplette resultatlister her. Magne Hjelle og Sigbjørn Myklebust har sendt oss bilete av Stårheimsløparane pluss litt til. Her er dei! Fint om de frå Markane og Honndalen også sender inn bilete. Eg legg dei ut i vilden sky! nils.ola@frisurf.no ![]() Takk til Magne for MMS'en over og bilete som truleg kjem i Fjordingen i morgon måndag.
|
Ronny ER UTTEKEN TIL OL I VANCOUVER!
Publisert 18.01.2010
|
Då har vi akkurat fått
melding om at Ronny Hafsås er uttatt til å gå langrenn i OL.
Gratulelere, Ronny! Skiskyttarane i Nordfjord er utruleg stolte av
deg!!!! Teamleiinga vil og gratulere deg! |
Statkraft Cup NC2 Liatoppen
Sprint
Publisert 17.01.2010
|
I dag gjorde
Johannes det best med ein flott 3.plass. Elles melder Olav om minus 10,
snøver og at dei fleste skiskyttarane frå TSN ser ut til å ha tømt
drivstofftanken på normaldistanden i går. Gratulerer til
Johannes! Resultatlista
til TSN finn du her.
Komplette resultatlister ligg her. Olav har sendt eit utval flotte bilete frå sprintdistansen idag. Sjå bileta her! Til høgre: Isak Fotland Fænn etter at han kom i mål i dag. Foto: oLUF b. ;-) |
|
Statkraft Cup NC2 Liatoppen
Normal
Publisert 16.01.2010
Jarle gjekk med den gule
leiartrøya idag og Johannes kapra 6.plassen!
![]() I går kveld serverte teamleiar Kjetil nydeleg svinesteik i dei flotte, gamle tømmerhyttene på Tveito. I dag fekk Johannes den beste plasseringa med 6.plass i klasse M17. Det var 10-12 minusgrader på standplass i dag og det same er venta i morgon. Offisielle resultat finn du her. Eg har og fått inn flotte bilete som du kan sjå på eiga side her. Der finn du og TSN sine resultat frå normaldistansen idag. No ventar alle spent på kva Kjetil set på bordet i kveld... Og no i kveld har vi lagt ut massevis av nye bilete som Magne og Olav har sendt oss. Takk! |
KM Harpefossen 9.-10.
januar avlyst
Publisert 07.01.2010
|
På grunn av den
strenge kulda, har krinsstyret avgjort at det ikkje vert arrangert
KM på Harpefossen 9. og 10. januar. Vi
kjem tilbake med meir info seinare. I kveld var det -26,5 grader på
standplassen.
|
Krinsrenn sprint Ullsheim
Publisert 04.01.2010
|
Endeleg er vi igang igjen
med skiskyting på snø i Fjordfylket! 3. januar hadde 117 skiskyttarar
møtt fram til start på Ullsheim. TSN noterte seg for mange gode
prestasjonar og ingen kunne slå Johannes denne søndagen! Komplett
resultatliste finn du her.
Webmaster fekk kameraet fylt med snø gjentekne gongar, men enkelte
bilete vart det. Desse kan du sjå i webalbum og eventuelt laste ned her. Vi tok diverse gruppebilete av heile teamet som du også finn i dette albumet. Så snart eg har fått fjerna diverse høgspentlinjer og stolpar, legg eg desse bileta ut til nedlasting i full oppløysing. |


Tarjei til OL!!!
Publisert 23.12.2009
|
TARJEI
ER I VANCOUVER! Sjå: http://www.nrksport.no/meisterskap/vancouver... ![]() Alle i Nordfjord Team Skiskyting gratulerer deg med uttaket, Tarjei! FANTASTISK!!! |
Draktreklame
med justeringar
Publisert 20.12.2009
| I dag har vi lagt ut nye reglar for drakt- og våpenreklame. Du finn dei i menyen til venstre eller her. Les gjennom reglane for bruk av reklame og studer bileta for plassering av merka. Det vert fotografering av teamet under romjulsrennet og då må alle ha dette i orden. OBS Nytt om innvarming og våpen! |
Bilete frå WC Östersund
Publisert 15.12.2009
| Arve Hafsås har sendt oss flotte bilete som han tok i Östersund. Sjå webalbum her. Tusen takk! |
Gull i sprint NC1 Lygna!
Publisert 06.12.2009
|
Foto: Olav Brendehaug |
||
|
I dag gjekk Johannes inn på
førsteplass trass 5 bom! Elles vart Jarle nr. 4 og med dette resultatet
leiar han Noregscupen i klassa si. Derfor må Rune Åland farge håret
grønt ei veke etter å ha tapt eit veddemål. Pål Andre vart nr. 17,
Runar nr. 20, Geir Olav nr. 25 og Isak nr. 43. Av 19-åringane vart Linn
Kathrin best med ein 8.-plass. Alle resultata til TSN finn du her.
Olav sine glimrande bilete kan du sjå her.
Fullstendig resultatliste ligg på http://www.lygna-skisenter.no/NC2009/resultater.htm |
|
Pangstart i NC1 Normal
Lygna !
Publisert 05.12.2009
|
|
Med Pål Andre på 2.plass,
Jarle på 5.plass, Ivar på 6.plass og Einar på 10.plass, er dette ei
veldig bra opning på NC! Tilbakemelding frå skiskyttarane tyder
på at at smørjeteamet Olav og Asgeir har gjort ein framifrå jobb
også. No ser vi fram til morgondagen sin sprintdistanse!
Olav har sendt oss flotte bilete som du kan sjå her. Du finn og eit samandrag av TSN sine resultat saman med bileta. Fullstendig resultatliste finn du på http://www.lygna-skisenter.no/NC2009/resultater.htm |
Ronny på vinnarlaget!
Publisert 21.11.2009
| I dag gjekk Ronny 3. etappe på laget som vann i 4x10km stafett. Gratulerer igjen! Joacim Hafsås tok bilete i går, desse kan du sjå her. Tusen takk, Joacim! |
Juniorsamling Dombås
Publisert 21.11.2009
| Frå Traasdal Hyttegrend melder juniorane våre at dei har 1,5 km løype med kunstsnø, elles er det lite kvitt å sjå. I resten av løypene er det is no, men med litt snø kan dette verte bra. |
Ronny vann Worldcup-opninga
på Beito!!!
Publisert 21.11.2009
|
Ronny Hafsås var ikkje einaste Stårheimar som tok til tårene i ettermiddag då det blei klart at ingen klarte å straffe den knallharde avslutninga han hadde på dagens 15 km friteknikk langrenn på Beitostølen. Ronny hadde eit tidleg startnummer og sa sjølv til NRK etter målpassering at han berre var sånn passelig fornøgd med gjennomføringa av løpet. Men det viste seg at den eine etter den andre av verdens beste langrennsløparar kom for seint til mål, og med gledestårer i augene kunne han til slutt ta imot gratulasjonar som vinnar av verdenscupopninga i langrenn. Vi bøyer oss i støvet og gratulerar Ronny, familien og ski/skiskyttarmiljøet i Stårheim med ein stor dag! (Sitat Jarle Åsebø på www.starheimsbygda.no) Og alle som har noko som helst med Team Statkraft Nordfjord å gjere stiller seg i rekka av gratulantar! Vi er UTRULEG stolte av deg, Ronny! Legg gjerne ein gratulasjon på nrk sine sider! (Klikk på lenka) |
Sommar-NM rulleski
Publisert 17.11.2009
|
Runar har laga ein verkeleg
flott videopresentasjon frå Sommar-NM i Vik. Han laga den i høve
oppstartskvelden i skiskyttargruppa i Markane. Tusen takk for at du vil
dele den med oss! Vi tar svært gjerne mot fleire bidrag av dette
slaget! Sjå presentasjonen her. (Har du ikkje veldig raskt breiband, kan du lagre fila på PC'en og spele ho av etterpå.) |
Stipend til Helene og Johan
Eirik!
Publisert 16.11.2009
|
Og her kjem det ei skikkeleg gladmelding: Denne helga fekk Helene og Johan Eirik utdelt kvart sitt Vitalstipend på Beitostølen. Kvart stipend er på 5000 kroner. TSN gratulerer begge to! |
|
Vital Cup 1 Beitostølen
Publisert 15.11.2009
|
På fellesstarten søndag vart Ronny innblanda i eit fall heilt i starten og tapte både tid og plassering i feltet. Trass dette greidde han å gå seg heilt opp til 6.plass, 51,4 sekund etter vinnaren! |
Junior-NM til Vik!
Publisert 14.11.2009
| I går vart det kjent at Vik IL skal arrangere junior-NM skiskyting i 2012. TSN gratulerer Vikjene! |
Diverse oppdateringar
Publisert 11.11.2009
| Info om renn denne sesongen er oppdatert, denne informasjonen finn du på eige menypunkt. Eg har også mottatt oppdatert info om kven som gjer kva i TSN sitt styre. Sjå menypunkt Teamleiing. |
Terminliste Sogn og
Fjordane
Publisert 10.11.2009
| No er terminlista for Sogn og Fjordane publisert, du finn ho her. I tillegg til skiskyttarrenn i Fjordfylket, er det tatt med dei mest aktuelle nasjonale renna og viktige langrennsrenn eller kva det no heiter... |
Gruppebilete rulleski
Stårheim
Publisert 02.11.2009
Innbyding til
mønstringsrenn junior/senior
Publisert 02.11.2009
|
Målselv og Vestre Målselv
skiskytterlag inviterer til mønstringsrenn på Bardufoss 29.-30.
desember 2009. Online påmelding seinast 14. desember 2009. Klubbane
melder sjølve på sine deltakarar. HUGS BRIKKENUMMER! Sjekk elles http://www.bardufoss-skisenter.no Du kan laste ned eller lese innbydinga her. |
|
Skiskyttarkrinsen med nye
heimesider
Publisert 01.11.2009
| Eg har kjempa ein lang kamp for at Sogn og Fjordane Skiskyttarkrins skulle få behalde adressa til sidene sine ved omlegging til ny nettportal i Skiskyttarforbundet. Denne kampen vann Forbundet, for å seie det slik. Dette betyr at alle som har lagra denne adressa i favorittane sine, må legge til adressa nedanfor i staden for den gamle. Dei som prøver den gamle adressa, hamnar ein stad i dei evige skiløypene... Dette beklagar eg, men det er berre å legg til denne nye adressa i staden: http://www.skiskyting.no/kretser/sognogfjordane |
Samling ToppIdrett i
Sogndal
Publisert 19.10.2009
|
Kva hende eigentleg i Sognahallen laurdag 17. oktober? Tok tikampfantomet Niclas Wiberg knekken på TSN sine medlemmer? Kvifor dingla ein av løparane våre i tau frå taket i dansestudioet? Sjekk tekst og bilete under menypunkt Topp Idrett! |
Jentesamling i Vik
Publisert 15.10.2009
Hei ! Her er innbyding til jentesamling i Vik 23.- 25. oktober. Pr. i dag er det fine snøforhold på Vikafjellet, så kanskje blir det høve til å prøve skia og? Hjarteleg velkomne! Mvh Skiskyttarkrinsen i Sogn og Fjordane Marit Hjelle Webmaster må få legge til at dette er ei glimrande anledning for dei"nye" jentene i teamet til å verte kjende med andre jenter i skiskyttarfamilien. Mari Sollid Eide (biletet) er den einslege svala vår frå Sandane. Ho skal gå for Team Statkraft Nordfjord denne sesongen. På vegne av teamleiinga vil eg ynskje henne og alle andre, nye medlemmer hjerteleg velkomne! |
|
Skiskyttartreffen Ullsheim
Publisert 07.10.2009
| Sist helg gjekk den årlege skiskyttartreffen av stabelen på Ullsheim. Rune Otterdal tok flotte bilete som du kan sjå eller laste ned på www.starheimsbygda.no/ski . Tusen takk, Rune! |
Så blar vi om ei side i
boka...
Publisert 30.09.2009
|
Nyhende er ferskvare
og akkurat NO er det på tide å flytte stoff frå siste sesong i
arkivet. Det har eg gjort, men skulle du ha behov for eit gjensyn finn
du alt i menyen under "Nyhende 08/09". Det er kjekt for webmaster å sjå at sidene våre har runda besøk! Er du nyskjerrig på besøka, kan du dobbeltklikke på teljaren og få vite ganske mykje. Og som alltid tar eg imot framlegg til betre heimesider med takk! Etter kvart er det ikkje så mange som legg ut webinfo på den tungvinte måten eg gjer, men fordelen er at eg kan lage sidene akkurat slik vi vil ha dei! Her er det berre fantasien som set grenser!!! Til sist: Hugs å melde på skiskyttarar, trenarar, foreldre osb. til samlinga i Sogndal 17. okt.! |
Prosjekt ToppIdrett:
Innbyding til samling 17. oktober
Publisert 17.09.2009
|
Sogn og Fjordane
Idrettskrins inviterer til samling på Fosshaugane Campus i Sogndal
laurdag 17. oktober. Samlinga er for trenarar, aktive og foreldre.
Sjå heile innbydinga her. Påmelding seinast 5. oktober til ingar.breilid@nif.idrett.no Den første samlinga var svært lærerik, denne ser ut til å vere minst like bra. Vi i TSN er tatt ut til å vere med i prosjektet, så det er viktig at alle set av denne dagen! |
|
Testresultat
Publisert 16.08.2009
|
Då er vi på lufta igjen
etter ein sommarferie med kollisjon med flygande rådyr i Trøndelag,
samanbrot av fortelt grunna ufattelege nedbørsmengder i Värmland og
så vidare...
Rune har sendt oss testresultata frå samlingane i Vik og på Ullsheim. Du kan sjå desse ved å klikke på lenkene: Roleg kombinasjon Vik Skytetest Vik Rulleski/skyting Vik Roleg kombinasjon Ullsheim Skytetest Ullsheim |