Rulleskisamling i Vik
Publisert 13.07.2009
![]() Det var no endå godt at ikkje rulleskia var på i heile tida! Det vart ei strålande rulleskisamling i Vik med godt ver, mykje hard trening, flotte kveldar og eitt og anna skrubbsår. Webmaster legg med dette ut vel 80 bilete som Arne Stevelin tok under samlinga. Sjå dei her! No vert det lite nytt på desse sidene ei tid frametter, men frå midten av august vil vi auke nettaktiviteten igjen dersom det er noko å skrive om, då. Ein god sommar til alle de som er med i eller arbeider dugnad for Team Statkraft Nordfjord! |
Program TSN rulleskisamling
i Vik
Publisert 21.06.2009
|
Rune har sendt ut førebels
program for samlinga. Her kan det sjølvsagt verte endringar, men dette
er i grove trekk slik opplegget er tenkt. Les eller last ned programmet her!
Gled dykk til supre
treningsdagar i det flottaste rulleskianlegget i Noreg! www.vikskisenter.no |
|
Open juniorsamling i Vik
Publisert 25.05.2009
|
Det skal arrangerast open
JR-samling i Vik i Sogn 22.-27. juni. Samlinga er for dei som er 19 år
og eldre. Seniorar kan også delta. Samlinga skal vera i dei same løypene
som SommarNM på rulleski skal arrangerast 18.-20. September. Samlinga
skal haldast på det nye og flotte anlegget Vik Skisenter. Gå inn
på desse linkane og få meir informasjon:
Online påmelding: www.skiskyting.no
<http://www.skiskyting.no>
til høgre finn du link til samlinga -- der finn du også meir
informasjon om samlinga, opplegget, prisar osv. |
Startmøte TOPP
Idrettsutvikling
Publisert 25.05.2009
|
Info om klubbutvikling,
prestasjonsutvikling og utviklingsplan for TSN som vart utarbeidd på
Ullsheim 5. mai finn du under menypunktet Topp
Idrett til venstre på sida. LES UTVIKLINGSPLANEN! (Sein utlegging skuldast høveleg ver til å beise hus og shine opp ein altfor stor, utandørs terasse ;-)) |
Prosjekt TOPP
Idrettsutvikling
Publisert 04.05.2009
| Endeleg kan vi legge ut to av manusa som vart presenterte på samlinga i Sogndal 18. april. Sjå gjennom dette! Treningsplanlegging Slyngetrening. Så vil eg verkeleg håpe at alle trenarar og utøvarar i alle klubbar tilslutta Team Statkraft Nordfjord møter på Ullsheim 6. mai kl 18:00! |
Bilete frå Bendit
Liatoppen og skiskyttarkveld på Stårheim
Publisert 20.04.2009
|
Som vanleg når eg skal
legge ut bilete på Stårheim sine sider, er serveren nede. Sidan eg
veit at mange Stårheimarar også er innom desse sidene, legg eg lenke
til bileta her så lenge. Webmaster skal på skuleturne i Sogn nokre
dagar, men skal prøve å lenke bileta til Stårheimssidene ved første
høve. Bilete frå Bendit Liatoppen her.
Takk til Sigbjørn Myklebust og Magne Hjelle som sende bilete! Glimt frå skiskyttarkvelden på Stårheim 20. april finn du her. Alle foto: Marit Hjelle. |
Prosjekt TOPP
Idrettsutvikling
Publisert 19.04.2009
I går gjekk den første
samlinga for trenarar og utøvarar av stabelen i Sogndal. Sidan dette er
eit prosjekt vi ventar oss mykje av, har det fått eiga lenke i
hovudmenyen til venstre. Dette var ei utruleg lærerik samling -
sjølv for webmaster. Og innimellom det faglege såg Bjørn Erik og Arne
Stevelin sitt snitt til å verte betre kjend med ein verkeleg
kraftkar... Les meir om TOPP Idrett her!
|
Tarjei på LANDSLAGET!
Publisert 05.04.2009
| Ja, det skulle no eigentleg berre mangle, men likevel var det både skrik og skrål frå stova vår i kveld då det vart kunngjort at Tarjei er tatt ut til elitelandslaget. TEAM STATKRAFT NORDFJORD GRATULERER DEG! Dette er vi utruleg stolte over! |
|
4.-plass til Sogn og
Fjordane i NM stafett!!!
Publisert 05.04.2009
|
Då har Sogn og Fjordane
sitt lag gått i mål som nr. 4 i NM stafett! Magnus veksla som nr 12,
junior Håvard heldt plassen på andreetappen, Ronny gjekk laget opp til
8.-plass og Tarjei kom i mål som nr. 4! Dette er Sogn og Fjordane si
beste plassering i NM stafett nokon sinne. Teamet gratulerer! Buskerud fekk gull, Oslo/Akershus sølv og Agder sitt førstelag bronse. Tarjei var berre 4 sekund frå bronsemedaljen! Dette er uoffisielt enno. Endelege resultat finn du her etter kvart. |
Sølv til Tarjei i
jaktstart!
Publisert 04.04.2009
|
I dag slo Tarjei til igjen
og fekk sølv i NM Jaktstart. Fenomenalistisk! Gratulerer! UTRULEG!!! Foto: Olav Brendehaug - TSN. Fleire av dagens bilete frå Olav ligg her. Takk! Einar Løken har sendt oss bilete frå Normal og Sprint. Sjå dei her! Tusen takk, Einar! Komplett resultatliste frå jaktstart menn her. På stafettlaget i morgon går Magnus 1. etappe, Håvard Bogetveit 2. etappe, Ronny 3. og Tarjei 4. etappe. Tvi tvi og skitt fiske! |
Sølv til Ronny i NM!
Publisert 03.04.2009
|
Sensasjon i NM normal på
Lillehammer!
Publisert 01.04.2009
|
I dag slo Tarjei alle andre
i den norske skiskyttareliten! At han kom i mål over halvminuttet før
nestemann Emil Hegle Svendsen seier vel det meste! Gratulerer!!! Så
vidt vi veit er du den første skiskyttaren frå Fjordfylket som har
greid dette! Elles kom Magnus inn på ein super 12.plass, Ronny som nr.
29, Anders vart nr. 49 og Edvar nr. 66.
Olav B følger NM og har
sendt oss flotte bilete av dei fleste Nordfjordingane som gjekk idag.
Sjå bileta her!
Lenke til resultatlista er her. |
Krinscupavslutning
Publisert 28.03.2009
|
Det vart ei fantastisk fin
avslutning på krinscupen med jaktstart idag. Det var utdeling av
premiar både i Krinscupen og Sparebankkruset. Samstundes var dette det
siste fylkesfemnande rennet i Sogn og Fjordane denne sesongen. Marit og
eg har lagt nokre bilete frå rennet her. Resultat 9-10 år her, 11-12 år her og resultata frå jaktstarten ligg her. Takk til Sunnylven for rask og god resultatservice. Vi gler oss til å kome tilbake neste sesong! Endelege resultat frå finn du her og er her. Det bør vere mogleg å kjenne att eit og anna TSN-fjes her! |
Nordfjordteam opna "Hyttehola"!
Publisert 28.03.2009
|
Det var to av TSN sine
medlemmer som fekk æra av å klyppe snora på Hyttehola
skiskyttararena i Stranda idag. Ingen dårleg start på dagen for
Johan Eirik og Helene! Heimebanen til Sunnylven IL Skiskyting er
verkeleg noko å vere stolt av! Vi gratulerer!
Stadion var super med 15 skiver og løypene er truleg mellom dei best preparerte vi har sett i regionen denne sesongen. Resultata finn du her. Lenke til Marit og Nils Ola sitt webalbum for dagen med omlag 120 bilete ligg her. I morgon er det utdeling av premiar for Sparebankkruset og Krinscupen. Følg med!!! |
|
Status Krinscup og
"Sparebankkruset"
Publisert 27.03.2009
| Du finn status før finale for dei to fylkescupane på www.skiskyting.no/sognogfjordane |
Young Star
Publisert 22.03.2009-redigert
24.03.2009
|
Johan Eirik |
John Roger Meland har sendt
rapport og flotte bilete frå Young Star. Sjå bileta her.
Tusen takk John Roger! Hei, kort rapport frå Trondheim. Etter ein lang dags venting vart det endeleg start for våre unge Young Stars i Granåsen i dag. På grunn av vanskelege snøforhold vart Worldcup konkurransane prioritert først i dag, konkurransen til dei unge vart flytta frå føre WC til etterpå. Ventetida i dag gjekk med til å heie fram Bjørndalen og Berger,som vart dei beste norske. Full stadion og skikkeleg "trøkk" med tusenvis av elleville trøndarar. Ingen av våre løparar hadde maksløp i dag. Johannes gjekk godt i sporet, hadde det ikkje vore for dei 3 bomma på siste skyting hadde han heilt sikkert kjeme på pallen. Helene hadde ein bra dag i sporet, men ho tapte litt på eit fall i ein av dei skarpe svingane på slutten. 3 bom er litt fleire enn Helene presterer på ein god dag. Johan Eirik var middels fornøgd med sitt løp, forma etter hovedlandsrennet har dala litt, og etter ei veke med forkjøling klarte han ikkje å yte maks i verken i sporet eller på skytebana. Opplevinga med å vere med som deltakar i eit så stort løp med ei sånn ramme rundt har gjort helga til ein kjempeopplevelse for utøvarane våre. |
Resultat og bilete KR
Sprint Harpefossen
Publisert 22.03.2009
| Det var lite snø på Harpen denne siste laurdagen med krinsrenn, men takka vere iherdig innsats frå løypemannskapa gjekk dette veldig bra. Du finn resultata for dei eldste her. Og Marit sine bilete finn du her. |
Bilete frå NC5 Folldal
Publisert 16.03.2009
|
I dag har webmaster vore
knallhard med seg sjølv og TSN: Eg har skore ned fotoalbumet frå NC5
til eit absolutt minimum! Så her
kan de nyte Marit sine 272 bilete frå denne siste NC'en denne sesongen! Gunnlaug sine middagar og dessertar vil aldri gå i TSN si gløymebok. Du må vere med oftare!!! |
Stafett NC5 Folldal
Publisert 15.03.2009
|
I klasse Menn 17-senior kom
Sogn og Fjordane sitt lag med Magnus, Anders, Bjørn Erik og Hans Erik
inn til ein flott 8.-plass. Det andre laget der Ivar, Eirik, Arne og
Espen gjekk, måtte nøye seg med 19.-plassen. Linn Kathrin, Synnøve Holstad og Sigrid Teigen Kvåle (begge dei to siste Vik IL) stilte i klasse Kvinner 17-senior. Laget kom inn på 13.-plass. Og vi har gleda av å melde at Sogn og Fjordane sitt lag med Asbjørn Wold, Ole Martin Erdal, Einar Fannemel og Håvard Bogetveit har gått inn til ein fantastisk 3.-plass etter eit durabeleg spurtoppgjer på slutten. Gratulerer!
|
Sprint NC Folldal
Publisert 13.03.2009
|
Magnus fekk 9.plass i klasse Menn Senior idag! |
I dagens sprintrenn i
Folldal var det Linn Kathrin og Magnus som gjorde det best i teamet
vårt og begge fekk premiar. Linn kom inn på 8.-plass og Magnus - som
skaut fullt hus (JA: 0-0 på fredag den 13!) fekk ein flott 9.-plass i
Menn Senior. Andre resultat: Einar nr. 14, Sigrid nr. 16, Anders nr. 27, Bjørn Erik nr. 31, Ivar Steffen nr. 34, Hans Erik nr. 35, Eirik nr. 47, Arne Stevelin nr. 52 (delt) og Espen nr. 54. Komplette resultatlister finn du her. Det var kaldt i natt og føret endra seg utover dagen. Olav melder at skia vart bra, om enn ikkje supre for alle. Gunnlaug serverte heimelaga elgkaker med dessert i går, så det er ingen tvil om at løparane våre hadde "litt å gå på"! I morgon er det tidleg opp for å skyte inn og vakne før prologen. Så får vi berre sjå og følge med. Lukke til alle saman! |
Samling i Sogndal 18. april
Publisert 11.03.2009
|
Som eit resultat av
Sparebanken Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane Idrettskrins si satsing
på prosjektet TOPP idrettsutvikling der Team Statkraft Nordfjord er
med, vert det "Stimuleringssamling" på Campus Fosshaugane,
Sogndal 18. april.
Eg vil oppmode alle skiskyttarar og ALLE TRENARAR om å setje av laurdag 18. april til denne samlinga. Sjølvsagt er vi i Team Statkraft Nordfjord først ute med å vise fram brosjyra med invitasjonar. Denne bør du lese! Ja, du og, Ivar Steffen! Les eller last ned brosjyra her eller klikk på biletet til høgre! |
![]() |
Stafettsølv til TSN idag!
Publisert 08.03.2009
Sølv til TSN ved Jarle,
Runar, Johannes og Johan Eirik!
GRATTIS!!!
Runar og Magne har sendt
oss massevis av flotte bilete frå sprinten laurdag.
HER er dei!![]() Her er vinnarane frå gutestafetten idag! (MMS-foto: Magne Hjelle) Magne skreiv dette i går kveld: Nok ein stor dag for Nordfjord Team! To gull i HL er veldig sterkt. I tillegg mange andre gode plasseringar, td 7, 8 og 18 i G16. Det meste gjekk bra i dag, men Vebjørn og Anders Bjørk fekk problem med at våpenet fraus. Det var lett snøkave og ca 2 minus heile dagen.I morgon vert det ein ny spanande dag både for jentene og gutane. På jentelaget går Helene 1. etappe, Merete 2. og Emilie 3. På fyrstelaget i guteklassa går Jarle 1. etappe, Runar 2., Johannes 3. og Johan Eirik 4. etappe. Det er meldt meir snø og meir vind, så vi får sikkert vanskelege forhold. Vi får håpe det går bra!Nok ein stor dag for Nordfjord Team! To gull i HL er veldig sterkt. I tillegg mange andre gode plasseringar, td 7, 8 og 18 i G16. Det meste gjekk bra i dag, men Vebjørn og Anders Bjørk fekk problem med at våpenet fraus. Det var lett snøkave og ca 2 minus heile dagen.I morgon vert det ein ny spanande dag både for jentene og gutane. På jentelaget går Helene 1. etappe, Merete 2. og Emilie 3. På fyrstelaget i guteklassa går Jarle 1. etappe, Runar 2., Johannes 3. og Johan Eirik 4. etappe. Det er meldt meir snø og meir vind, så vi får sikkert vanskelege forhold. Vi får håpe det går bra! |
To gull idag!
Publisert 07.03.2009
Idag tok Johan Eirik og
Helene kvar si gullmedalje i sprint under Hovudlandsrennet på Beito. Det
vart og ei rekke andre gode plasseringar. Vi gratulerer! Denne gonge MÅ
resultata halde til førsteside i Fjordingen!!!![]() |
TSN på Hovudlandsrennet!
Publisert 06.03.2009
|
Hei! Sender litt info frå normalen i dag. Har vore i smørjebilen det meste av dagen, så har ikkje så stort utval av bilete. Det starta med G15. Johan Eirik tok sølv, etter 3 bom. Gjekk godt i sporet. Vebjørn fekk 2 bom og vart nr 29, men hadde ein tung dg i sporet. G16: Litt mykje bom. Jarle nr 21 med 3 bom og Johannes nr 22 med 4 bom. Dei andre fekk 4-6 bom (sjå lista). J15: Helene gjekk eit godt løp og vart nr 3, berre 9 sek frå siger. Emilie nr 16 og Heidi nr 24 (sjå lista på dei andre). I J16 skaut Merete fullt hus og vart nr 10. Ugle var ikkje å oppdrive, så då vart det ein pingvin i staden på samlinga til Sogn og Fjordane etter løpet!!! Veret er grått. Skodde og snødryss, ca minus 2-minus 4 grader C. Same meldingane til i morgon og søndag. Resultat og anna finn du her: http://www.beitoworldcup.com/article.asp?w=&x=8423
mvh Magne Hjelle |
Bilete frå Junior-NM
Publisert 02.03.2009
| Du kan sjå 306 av bileta Marit knipsa under Junior-NM her. Bra jobba, krinsleiar! |
Stafettresultat Junior-NM
Publisert 01.03.2009
|
På det beste låg det
eine av herrelaga til Sogn og Fjordane an til ein tredjeplass idag.
Til sist vart det ein flott 5.plass for Ole Martin Erdal (Førde),
Bjørn Erik Henden (TSN), Einar Fannemel (TSN) og Håvard Gutubø
Bogetveit (Førde). I denne klassen (M17-19) var det 28 lag som starta. Det andre herrelaget frå Fjordfylket stilte i klasse M17-21. Her gjekk Ivar Steffen Nord (TSN), Hans Erik Rand (TSN), Arne Stevelin Hjelle Strand (TSN) og Espen Flo Bødal (TSN) inn til ein god 18.-plass. I denne klassa var det ialt 24 lag. Sigrid Hjelle (TSN), Synnøve Holstad (Vik) og Sigrid Teigen Kvåle (Vik) er nettopp komne i mål på ein 10.-plass i klasse K17-21. Her stilte det ialt 19 lag. GRATULERER! ![]() Frå stefettstarten idag. (Foto: www.bif.no) |
Sprintresultat Junior-NM
Publisert 28.02.2009
|
Det gjekk betydeleg betre for TSN på Sprint idag: 5.plass til Einar, 8.plass til Bjørn Erik, 3delt 14.plass til Sigrid, 39.plass til Ivar Steffen og Hans-Erik, 50.plass til Espen og 56.plass til Arne Stevelin. Eirik starta ikkje idag. I kveld er det stor skiskyttarfest med middag i Bjerkvik. Dagens resultat er her. I morgon vert Junior-NM avslutta med stafett. |
Kakefest under Junior-NM i
Bjerkvik!
Publisert 27.02.2009
|
Synnøve
frå Vik og Håvard frå Førde vann høvesvis gull og sølv under
Junior-NM Normal igår. I dag har det vore treningsdag som vart avslutta
med ein storslått medalje- og kakefest for alle deltakarane frå
Fjordfylket. Elles melder krinsleiaren at det var kjøtkaker til middag.
I morgon er det Sprint, følg med på http://www.bif.no/jnm2009/.
Her er bilete av
kakemonsane, du finn fleire bilete frå Bjerkvik på www.skiskyting.no/sognogfjordane. |
Nye bilete frå Vik
Publisert 25.02.2009
|
Då det trufaste kameraet mitt drukna under premieutdelinga laurdag, har Jorunn Åsfrid i Vik IL sendt oss bilete frå denne kvelden. Sjå dei her. Tusen takk! |
NM Bjerkvik
Publisert 23.02.2009
|
God tur og skitt fiske til alle som reiser til Bjerkvik og Junior-NM! Følg med på tevlingane her: http://www.bif.no/jnm2009/ |
KM jaktstart Vik
Publisert 22.02.2009
|
Det vart to kjempeduellar idag: Mellom Jarle og Johannes der begge vart
dømde til gullmedalje og den meir personlege duellen mellom Odd Harald
og Arne. For ein gongs skuld trakk Arne det lengste strået. "Eg
starta spurten for seint" uttalte Odd Harald etter målgangen.
"Du sku' ha tekje na ve gamalosten" ropte den eldre herren som
samla inn startnummera... Her er bileta frå
idag, ca 68 stk ;-) TSN forsynte seg grovt av medaljefatet begge dagane.
Gratulerer alle saman! Nyt duellane under! |
Bilete frå
KM sprint i Vik
Publisert 21.02.2009
|
Resultata finn du etter kvart på www.vikil.no. Vel 50 bilete finn du her. |
Landsdelsmeisterskap Voss
Publisert 17.02.2009
|
|
Denne helga var det LM
skiskyting på det nye fylkesanlegget i Hordaland, Herresåsen ved Voss.
TSN sine deltakarar kom heimatt med veskene fulle av medaljar.
Gratulerer! Det vart tevla i både nye og velkjende disiplinar. Ole Ivar Steffen Os på biletet prøvde seg like godt i "skiskyting med hopp", men landa med eit brak på flata. "Alt for kort bakke!" uttalte han etterpå. Men han fekk medalje! Laurdagsresultat her. Søndagsresultat her. 106 laurdagsbilete her. 62 søndagsbilete ligg ! |
NC3 Sprint: 2 pallplassar!
Publisert 08.02.2009
|
I dag lukkast det for Einar
og Linn Kathrin!!! Høgt til fjells i 13 kuldegrader, 75%
luftfukt, snøver og vind gjekk dei inn til kvar sin solide 3.plass i
NC3 sprint! GRATULERER! Bilete HER! Takk til Olav som sende bilete i natt! Andre resultat frå TSN: Magnus nr. 6, Anders nr. 10, Sigrid nr. 13, Bjørn Erik nr. 19, Hans-Erik nr. 34, Eirik nr. 39, Ivar Steffen nr. 54, Espen nr. 55 og Arne Stevelin nr. 58. Komplett resultatliste her. |
|
NM jr fellesstart Frol
Publisert 07.02.2009
|
I 10 bitande kuldegrader og
med iskald vind gjekk NM jr fellesstsart av stabelen på Frolfjellet
idag. For TSN vart resultata slik: Linn Kathrin nr. 6, Magnus nr. 6,
Marianne nr. 10,
Sigrid nr. 14, Einar nr. 22, Anders nr. 24, Bjørn Erik nr. 29, Ivar Steffen nr. 35,
Eirik nr. 39, Arne Stevelin nr. 44 og Espen nr. 47. Meir om rennet på http://www.innherred-skiskyting.no/. Vi manglar vanleg breiband hos skiskyttarane, men har fått over nokre bilete som du kan sjå her. Takk til Eirik som lånte ut mobilt breiband! Resultat M17, M18, M19 finn du her. Resten av resultata ligg her. I morgon er det Norgescup sprint. Kjentfolk! Foto: Olav Brendehaug, TSN |
NC3: Slaget på Stiklestad
Publisert 05.02.2009
Då er slaget på Stiklestad
under planlegging frå Rinnleitet militærleir i Trøndelag. Olav melder
om minus 5 grader ute, godt og varmt inne og 3 cm nysnø ute. Etter
påfyll med pizza på Oppdal gjekk turen fint. Gjengen på ca 20
personar har 40 senger til disposisjon, så her vert det nok liv RAi
RAI! I morgon er det frukost klokka 8 og så går turen vidare til Frol
stadion ved Stiklestad. Alle har det bra og gjengen helsar!![]() MMS-foto: Olav Brendehaug |
Bilete frå
"Kvalfossnormalen"
Publisert 02.02.2009
|
Magne Hjelle har sendt oss flotte bilete frå Normalen søndag. Velkommen! Dessutan har Hicksnet lagt ut 2827 bilete frå Kvalfossprinten her. Du finn minst 2 bilete av kvar løpar. Bileta kan lastast ned gratis i lav oppløysing og kjøpast i høg oppløysing. |
Fantastisk, Johan Eirik!
Publisert 01.02.2009
|
Utan ein
einaste bom og 1 minutt og 17 sekund framføre nestemann, gjekk Johan
Eirik Meland, Markane IL inn som beste 15-årige skiskyttar i Noreg idag.
Vi GRATULERER!!! |
Det går så det susar!!!
Publisert 31.01.2009
|
Klubbane
våre har oppnådd fantastiske resultat i Kvalfossprinten denne
helga! Dei fleste løparane frå Nordfjord er omtala i nettutgåva til
Fjordabladet, sjå
her. Magne har sendt oss massevis av flotte bilete! Sjå dei
her!!! Tusen
takk! |
Restitusjon og drikke
Publisert 28.01.2009
|
Drikk du
nok før, under og etter trening og renn? Veit du kor viktig dette er? |
Lansdelsmeisterskap Voss
Publisert 27.01.2009
|
Her kan du sjå innbydinga. Arrangementet går føre seg på Voss 14. og 15. februar, rennstart begge dagar kl 10:00. Online påmelding innan utgangan av måndag 8. februar. |
KM Supersprint
Publisert 25.01.2009
|
TSN gjorde
ein fenomenal innsats i dagens supersprint. Ikkje rart gutane på
biletet er blide! Du finn resultata her.
Webalbum med 221 bilete finn du her.
Alle foto: Marit Arnesdotter Hjelle. Takk igjen! |
KR Normal
Publisert 24.01.2009
|
Fantastisk
flott innsats frå team-medlemmane på Harpefossen idag! Resultatlista
finn du her. Marit Hjelle tok massevis av bilete. Du kan sjå 126 av dei
i webalbum her.
Takk skal du ha, Marit! No er vi spente på Supersprinten i morgon!!!
(...og hugs gruppefoto etter innskytinga...) |
KR Normal og KM Supersprint
24. og 25. januar
Publisert 22.01.2009
|
Du kan laste
ned revidert innbyding frå Stårheim IL Skiskyting her.
Info om supersprint finn du også! |
IKKJE SKISKYTING - men
likevel!
Publisert 20.01.2009
|
I dagens
kommunecup 1 Eid, kom det 3 skiskyttarar på dei 3 første plassane i
den eldste klassa: Nr 1 Odd Harald Heggen, nr 2 Ivar Steffen Nord og nr
3 Arne Stevelin Hjelle Strand. SUPERT! |
Fotografering
Publisert 19.01.2009
|
Eg viser til
epost frå Odd Helge: .
DET ER SVÆRT VIKTIG AT ALLE STILLER MED KORREKT DRAKT- OG
HUE-REKLAME!!! |
Tyfon-KM Supersprint Ullsheim
Publisert 18.01.2009
|
I dag var
det etter kvart ingen tvil: Med den svært kraftige vinden måtte
Supersprinten diverre avlysast. Mange av juniorane tok seg likevel ein
treningstur i det flotte terrenget på Ullsheim før dei reiste heimatt.
Skiskyttarkrinsen vil vurdere å setje opp eit nytt KM seinare. |
Orkan-KM Normal Ullsheim
Publisert 17.01.2009
| Under
til dels svært vanskelege skytetilhøve, gjekk KM av stabelen i dag.
Gratulerer alle saman med flott innsats under orkanbygene! Resultatlista
finn du her. Webmaster gjekk laus med kamera igjen. Du finn 60 bilete av både det eine og det andre her. Vår faste gjest på desse sidene - Eirinn Teigen Kvåle frå Vik IL - finn også bilete av seg sjølv!!! Og som vanleg: Klikk på ikona for å få bileta større, klikk høgre mustast på det store biletet for å laste ned. Værsågod! Dei som vil ha bilete i høgkvalitet, kan sende ein epost til nils.ola@frisurf.no Lukke til i supersprinten i morgon! |
NC 2 Brumund Sprint
Publisert 11.01.2009
| Solide resultat så langt idag: Tarjei på delt 2.plass (4), Anders på 6.plass (1!!!); Einar nr. 12 (5), Sigrid nr. 13 (4) og Magnus på 15.plass! (3) for å nemne dei aller beste... Resten av resultata idag finn du her. |

Ikkje rart Tarjei smiler! Foto: Olav
Brendehaug, TSN
NC 2 Brumund Normal
Publisert 10.01.2009
| Idag vart Tarjei nr 3 med 3 bom og Magnus nr 6 med 2 bom. Det var desse to som gjorde det best i TSN idag. Gratulerer!!! No har gjengen ete lasagne med salat, slappar av og bur seg til sprinten i morgon. Komplett resultatliste finn du her. Og her finn du bilete, takk til Olav og Magne! |
NC 2 Brumund
Publisert 09.01.2009
| Etter
litt venting i Stryn på opning av vegen over fjellet, er gjengen vår
no på plass ved Vikingskipet på Hamar. Det har vore trening på Veldre
Sag idag. Den grufulle motbakken som mange av løparane våre har gått
før, verkar meir overkomeleg no enn tidlegare for dei fleste. I dag har
det vore fint og kaldt ver på arenaen og smørjarane melder at dei har
kontroll på smørjinga. Etter kjøtkaker til middag er det tid for litt
avslapping no. Teamet reiser på stadion kl 07:00 i morgon tidleg,
rennet startar 09:30. Her er det berre å krysse fingrar! Start- og resultatlister vil venteleg verte å finne på http://idrett.speaker.no/organisation.asp?OrgElementId=66960 dersom dei som styrer med slikt får opp serveren sin etter "Planlagt driftsavbrudd" som det heiter så fint i kveld... SNAKK OM TIMING!!! |
VM langrenn (Ullsrennet)
Publisert 04.01.2009
| Denne
helga vart Ullsrennet arrangert på Ullsheim, vestlandsmeisterskap
friteknikk laurdag og klassisk sprint søndag. Mange av skiskyttarane
gjorde det svært bra. Du finn resultata på www.markane.no
Fjordabladet sin redaktør Tormod Flatebø var til stades og har lagt
flotte bilete på www.fjordabladet.no
Sjekk under menypunktet Bildeglimt. Sjå også http://www.fjordabladet.no/nyhet.cfm?nyhetid=3339
På biletet er det Anders
Vonheim som fossar fram. |
![]() |
Romjulsrenn Hardbagg
Publisert 28.12.2008
| I gnistrande sol gjekk romjulsrennet på Ålandsleitet av stabelen idag med over 100 påmelde. TSN sine skiskyttarar gjorde eit respektabelt innhogg i premiebordet! Dei eldste tok nok dette rennet mest som oppkøyring høve NC2 som går av stabelen på Veldre Sag om 2 veker. Her finn du nokre bilete frå rennet - både av TSN-medlemmer og andre... |
![]() |
|
Bilete frå
Dombås
Publisert 15.12.2008
|
Då mitt fantastiske kamera med ny telezoom låg att i feil bil i Stryn
denne helga, må vi takke Olav, Magne og mobiltelefonen min for at dei
berga situasjonen! Her er endeleg bileta frå Normal og frå Sprint. |
Fantastiske sprintresultat!
Publisert 15.12.2008
|
TSN fekk mange flotte plasseringar på sprinten søndag. Dette trass i at
vi vakna opp til 15 grader mildare ver, noko som smørjeteamet Olav og
Magne takla på ein framifrå måte. Pluss vind og snødrev! Einar slo verkeleg til med ein super 2.plass, Tarjei vart nr 5, og Magnus vart nr 6!!! Ivar, Bjørn Erik og Arne vart nr 20, 22 og 50. Espen vart nr 59 og Sigrid nr 12. Eirik kom inn som nr 35, Anders vart nr 31 og Hans Erik nr 37. |
|
Sensasjonell 3.plass til
Ivar!
Publisert 13.12.2008
![]() |
På gnistrande føre og minus 14 gjekk Ivar Nord inn til ein sensasjonell
3.plass (4) på normaldistansen i Norgescup 1 junior på Dombås idag.
Bjørn Erik Henden vart nr. 8 (4) og Arne Hjelle Strand nr. 35 (5). Dette
er det vi veit så langt frå klasse menn 18 år her i kulda på Dombås. I
klasse menn 17 gjekk Espen Flo Bødal inn på 55-plass (8). Sigrid Hjelle
kom inn på ein fin 13.plass (10). Einar vart nr 47(12), Eirik nr. 37(5),
Hans Erik nr 36 (12), Magnus nr 20 (9) og Anders nr 22 (10). Komplett resultatliste på www.dombaas-il.no/skiskyting |
Statkraft 1 Cup junior
Dombås
Publisert 12.12.2008
| Webmaster er med teamet denne helga og vil prøve å oppdatere med nyhende kvar kveld. Om det skjer sensasjonar, sjekk bloggen nederst på sida! Den vert i tilfelle oppdatert frå mobiltelefon direkte frå stadion. |
Nye bilete!
Publisert 08.12.2008
| Sigrid Hjelle har sendt oss flotte bilete frå treningssamlinga på Skeikampen og rekruttane sitt testløp. Tusen takk, Sigrid! Sjå bileta her: Skeikampen Testløp rekrutt |
Sidetrøbbel?
Publisert 08.12.2008
| Eg har fått melding om at "Meldingar til skiskyttarane" ikkje kjem opp i enkelte datanett. Gi beskjed til nils.ola@frisurf.no dersom du også opplever dette! |
Team Statkraft Nordfjord
med i TOPP-idrett!
Publisert 25.11.2008
| Team
Statkraft Nordfjord er tatt ut til å vere med i Sogn og Fjordane
Idrettskrins sitt prosjekt "TOPP-idrett".
Målet med prosjektet er å styrke aktivitets- kunnskaps- og kompetanseutvikling for idrettsungdom i aldersgruppa 16-19 år. Det er meininga å gi klubbar og enkeltindivid god idrettsutvikling nær heimstaden. Prosjektet skal vare i 5 år. Det vert spennande å sjå kva som kan kome ut av dette etter kvart! |
![]() |
Ronny til World Cup!
Publisert 17.11.2008
| www.fjordabladet.no melder i kveld at Ronny er tatt ut til World Cup-laget. VI GRATULERER!!! |
Bilete frå Beitostølen
| Olav Brendehaug har sendt oss flotte bilete av TSN sine deltakarar. Sjå bileta her! |
Testing av TSN mobilblogg
| Webmaster vil gjere nokre testar på å laste opp tekst og bilete til heimesida direkte frå mobiltelefon. Dette skjer nederst på sida. Ikkje bry dykk om innhaldet no med det første!!! |
Nytt frå juniorane på
Skeikampen
Publisert 16.11.2008
I
dag har juniorane hatt 2 timar skøyting og 1,5 time klassisk skigåing.
Ivar og Sigrid har slutta seg til gjengen og det vert meldt om flott
skiføre: Minus 6 og is i sporet. Juniorane har ikkje møtt fleire elgar
i løypa, så i kveld er det pizza på menyen ;-)![]() Biletet er lånt frå www.skeikampen.com og viser forholda på Skeikampen i går kveld. |
15 km fellesstart Beito
Publisert 16.11.2008
| Dagens resultat for TSN: Ronny nr. 12, Anders nr. 34 og Magnus nr. 48. Resten av resultat finn du på lenka eg la ut igår, sjå nedanfor. |
Fantastisk sesongstart for
Ronny!
Publisert 15.11.2008
| Ronny
Hafsås opna sesongen med ein strålande andreplass i Beitosprinten
idag, berre slått av Frode Andresen! Med skyteresultata 0-2 lovar dette
svært godt! Magnus Brendehaug (Hardbagg) kom inn på ein flott 25-plass
med skyteresultat 2-0 og Anders Vonheim (Markane) vart nr. 34 med
skyteresultat 1-3. Alle resultat frå Beito: http://www.beitoworldcup.com/resultatlister.html?&level1=6759642 Her har Ronny skote 3 treff på ståande under krevande vindtilhøve! Foto:nrk |
Supre treningstilhøve på Skeikampen
Publisert 14.11.2008
| Juniorane våre som er på trening på Austlid, melder om minus 4 og raskt føre. På trening inne i skogen møtte dei til og med 3 elgar! - Overgangen til "snøski" gjekk betre enn venta, seier Arne. |
Oppdatering
Publisert 03.11.2008
| Då er startsida vår flunkande nyprogrammert. No skal ho laste 40 % raskare enn før - håpar eg. Kontakt meg på nils.ola@frisurf.no dersom du oppdagar at noko har gått gale! |
Ei lita påminning
Publisert 02.11.2008
|
Kjære
alle flotte og fantastiske skiskyttarar i Team Statkraft Nordfjord!
Mange av dykk er på vegane med rulleski. Dette er veldig bra og ifølge
Jarle Hafsås den aller raskaste måten å få opp armstyrken på.
Likevel vil eg be dykk alle om ein ting: Gå
ikkje på rulleski på trafikerte vegar utan å bruke !
Ikkje midt på lyse dagen eingong! Beste helsing Nils Ola/webmaster |
Terminliste
Publisert 24.10.2008
| Med atterhald om endringar har skiskyttarkrinsen lagt ut terminliste for 2008/09. Du finn ho på lenka i hovudmenyen til venstre eller her. |
Nytt på heimesidene
Publisert 24.10.2008
| Sidene er oppdaterte med ny teamleiing og info til løparar og foreldre for sesongen 08/09. Bruk hovudmenyen til venstre. Sjekk "Teamleiing" og "Info om renn". Menypunktet "Om teamet" er fjerna. Bilete frå skiskyttartreffen på Ullsheim i oktober finn du på www.skiskyting.no/sognogfjordane |
Gamle bilete vert sletta
snart
Publisert 07.10.2008
| Vi går inn i ein ny skiskyttarsesong om ikkje så lenge. Då må vi ha plass til nye bilete! Derfor vert dei eldste webalbuma sletta omlag 1. november. Last ned det du vil ha så lenge. Alle bilete vert arkiverte hos meg - praktisk talt til evig tid :-) |
Jentesamling i Vik
Publisert 23.09.2008
| No
skjer det noko i Fjordfylket! Vik IL innbyr til jentesamling på Vik
skisenter, Kålsete 17.-19. oktober. Innbydinga gjeld jenter fødde frå
1996 og opp til og med junior. Sjå innbydinga her.
Påmelding innan 13. oktober. Ukjent i Vik? Skisenteret på Kålsete har ei flott heimeside med opplysningar om anlegget. Sjekk http://www.vikskisenter.no/ |
NM rulleski Sjusjøen
Publisert 22.09.2008
| Odd Helge har sendt flotte bilete frå Sommar-NM der Ronny gjorde det best av TSN sine skiskyttarar med sølv og bronse. Meir om dette på www.skiskyting.no og www.skiskyting.com Og her er bileta! |
Treningsdagbok
Publisert 23.07.200
| Ein
føresetnad for personleg oppfølging frå trenar, er at skiskyttarane i
teamet fører sine eigne treningsdagbøker. Same kor lett Rune meiner
det er å finne slikt på nettet; no kan du laste ned treningsdagboka
også her. Du finn ho som nedlastbart rekneark under eige menypunkt til
venstre. Skulle få du problem med kva du skal og ikkje skal fylle ut, er det berre å ta kontakt med trenaren din i Nordfjordteam. Tips om trening og mykje anna finn du her hos Skiskyttarforbundet. Lukke til! |
![]() |
| TIPS: Manglar du reknearkprogram til treningsdagboka? Dette og ein bråte andre nytteprogram kan lastast ned lovleg og gratis frå www.openoffice.org | ![]() |
Rekruttsamling TSN 24. juni
Publisert 15.07.2008
| Vel tilbake frå første del av ferien oppdaga eg at Rune Otterdal har sendt flotte bilete frå treningssamlinga 24. juni. Klikk på biletet til venstre og sjå heile webalbumet. Takk skal du ha, Rune! |
Omlegging av websider
Publisert 10.06.2008
I høve ny sesong vert
det gjort nokre justeringar på heimesidene våre: "Meldingar til skiskyttarane" vil alltid ligge
øverst slik at trenarar og andre
kan sende meldingar som alle lett kan sjå. Nyhende frå
webmaster vert lagt i dette feltet der du les no. Medlemsbloggen vert truleg avvikla om
ikkje bruken tar seg opp... (Om ynskjeleg kan vi lage andre plassar for
diskusjonar skiskyttarane imellom.)
Anna nytt: Hovudterminlista er lenka rett til Skiskyttarforbundet sine
sider. Samlingsplanen er oppdatert for neste sesong. Gamle
"Nyhende" frå tidlegare sesongar har fått eigne menyar.
Nye behov på heimesidene? IKKJE STUSS PÅ DET:
Kontakt nils.ola@frisurf.no eller ring
977 16 622!
Oppstartssamling på
Ullsheim
Publisert 01.06.2008
I kveld var det
orienteringsmøte om opplegget for Nordfjordteam sine skiskyttarar neste sesong.
Rune Aaland skal trene juniorane og Leiv Tvinnereim får hovudansvaret for
rekruttane. I tillegg til orientering frå desse to, gjekk teamleiar Odd Helge
Henden gjennom dei ulike kontraktene for neste sesong. Underskrivne kontrakter
leverast lokal klubbleiar som sender desse samla vidare til Odd Helge. Og dersom
tilsende kontrakter er kokte vekk i eposten saman med kålen: Dei kan lastast
ned her! Rekruttkontrakt
A-kontrakt
B-kontrakt
C-kontrakt.
Underteikna orienterte kort om heimesida vår. Alle framlegg til betringar vert
tatt mot med takk! Kontakt i så fall Nils Ola på nils.ola@online.no
Nedanfor kan du nyte Leiv, Rune og Odd Helge!
Jarle Tvinnereim i
forbundsstyret!
Publisert 31.05.2008
![]() |
Frå Skiskyttartinget i Tromsø melder krinsleiar Marit i kveld at Jarle Tvinnereim, Hardbagg er innvalt i forbundsstyret. Webmaster tar neppe munnen for full når han meiner at dette er ein stor fordel for skiskyttarmiljøet i Fjordfylket. Eg er viss på at eg har heile miljøet med meg når eg gratulerer Jarle. Lukke til! Du finn meir frå skiskyttartinget her. |