Til løparar og foreldre sesongen 2009-2010

Informasjon
Velkomen til ein ny skiskyttarsesong som startar allereie til helga for seniorane på Beitostølen. Velkomen til alle dokke som er nye i Team Statkraft Nordfjord! Her kjem litt informasjon og oppsett over støtteapparat til dei nasjonale renna.

SPONSORAR
Statkraft er hovudsponsor som tidlegare. Det vil bli nye vestar og huer til alle saman. Det er viktig at sponsormerka kjem på rett plass. Det vil ligge ein mal på heimesida til teamet om plassering av sponsormerka. Det er også viktig å nytte desse ”sponsorkleda” spesielt på premieutdeling og når det elles vert teke bilete.

UTSTYRSLEVERANDØRAR
Dei som har mogeleghet for personlege kontraktar ut frå oppnådde resultat, må ordne det sjølve.
Gjennom Sport1 i Stryn er det framforhandla avtale om racingdress i farge raud og overtrekksdress (raud jakke og svart bukse) i fra ODLO. Det vert gjeve 30 % avslag til team-medlemane.
Utanom det avventar vi tilbod frå sportsbutikkane på Eid og Stryn. Vi ynskjer gjennom dei også å kunne vidareføre B-kontraktdelen opp mot Madshus. Det vil kome meir informasjon om tilbod etter kvart til dokke.

REISER TIL NC, NM OG HOVEDLANDSRENN
Team Statkraft Nordfjord, v/ Olav Brendehaug organiserer reise, transport og overnatting for junior og senior-løparane. Det står ein frist for kvart renn for å melde frå til han om overnatting, transport etc. For Hovudlandsrennet i Alta er overnatting ordna. Det gjeld også NM for junior. Kvar enkelt gjer opp for seg for overnatting og sender reiserekning til teamet v/Roar Alsaker i etterkant. Det vert dekka med kr 300,- pr. døgn. Dersom bruk av privat bil, avtal dette, dersom ein krev å få dekka reiseutgiftene.  Ein del køyre- og bu-utgifter vil bli vurdert på slutten av sesongen med tanke på økonomien.

Støtteapparat
Sportsutvalet har laga eit framlegg til støtteapparat til dei ulike renna. Om det som er sett opp ikkje passer, må ein finne ein person å byte med. Er det foreldre eller andre som er på renna, men ikkje sett opp i støtteapparatet, er det ynskjelig at dei tek i eit tak der det trengst. Vi er ikkje fleire i støtteapparatet enn det som trengst. Det er også mogeleg på renna å rokere om på plasseringane i støtteapparatet dersom det er praktisk. Slikt må koordinerast av lagleiar. Smørjarar (min. 2 stk), lagleiar og standplassansv. må reise så tidleg til renna at dei rekk trening, skitesting og lagleiarmøte dagen før renna. Lagleiar er ansvarleg for informasjon til løparane i god tid før avreise. Reisetid, transport, overnatting m.m. (Koordinere med Olav Brendehaug)

Vital Cup 1 senior,  Beitostølen 13.–15.november

Overnatting: Ordna

Lagleiar:  Klemet Bø

Smørjing + testing: Olav Brendehaug + Rune Åland

Standplass: Rune Åland

Sekundering: Klemet Bø

NT-bilen: Olav Brendehaug

 

Statkraft 1 junior og Vital 2 senior  Lygna  5.–6.desember

Overnatting: Olav Brendehaug

Lagleiar: Klemet Bø

Smørjing + testing: Olav Brendehaug + Asgeir Bakke

Standplass: Rune Åland og Jan Egil Gjørven

Sekundering: Odd-Helge Henden

NT-bilen: Olav Brendehaug

Frist for å gje beskjed om overnatting er 10.november. Dette gjeld både løparar, foreldre og trenarar. Ring Olav tlf 41564477

 

Statkraft 2 junior  og 3 Vital Ål  16.–17.januar

Overnatting: Olav Brendehaug

Lagleiar: Odd Helge Henden

Smørjing/testing: Olav Brendehaug, Magne Hjelle + Odd-Harald

Standplass: Rune Åland og Svein Lasse Bødal

Sekundering: Paul Skrede og Odd-Harald Heggen

NT- bilen: Olav  Brendehaug

Frist for å gi beskjed om overnatting er 5. desember, gjeld både løparar, trenarar og foreldre. Ring Olav tlf 41564477

 

Statkraft 3 junior og Vital 4 Bossmo & Ytteren  13.-14.februar

Overnatting: Olav Brendehaug

Lagleiar: Arne Bøe

Smørjing + testing: Olav Brendehaug, + Asgeir Bakke

Standplass: Rune Åland og Svein Lasse Bødal

Sekundering: Sigbjørn Fenn og Arne Bøe

NT-bilen: Olav Brendehaug og Arne Bøe

Her bør ein sende gevær og skiutstyr med bussen. Utøvarane bør reise med toget frå Otta.

Frist for å gi beskjed om overnatting er 8. januar. Dette gjeld både løparar, trenarar og foreldre. Ring Olav tlf 41564477.

 

NM-Junior   Frol/Stiklestad     25.–28.februar

Overnatting: Ordna.

Lagleiar: Kjetil Netland

Smørjing + testing: Rune Roset, Magne Hjelle +Asgeir og Odd-Harald

Standplass: Rune Åland og Kjetil Netland

Sekundering: Arne Bøe og  Odd-Harald Heggen

NT-bilen: Rune Roset

 

Hovudlandsrennet  Alta  12.–14.mars

Overnatting: Ordna Helge Otterdal

Lagleiar: Svein Lasse Bødal

Smørjing + testing: Roar Alsaker, Magne Hjelle + Rune Otterdal

Standplass: Svein Lasse Bødal og Jan Egil Gjørven

Sekundering: Roger Løvlid og John Roger Meland

NT-bilen: Ikkje bil til Alta

 

Statkraft 4 og Vital 5  Drangedal  26.–28.mars

Overnatting: Olav Brendehaug

Lagleiar: Asgeir Bakke

Smørjing/testing: Olav Brendehaug, Rune Roset + Sigbjørn Fenn

Standplass: Rune Åland og Jan Egil Gjørven

Sekundering: Paul Skrede og Sigbjørn Fenn

NT – bilen: Olav Brendehaug og Rune Roset

Her kan det bli endringar.

Frist for å gi beskjed om overnatting er 20. februar. Dette gjeld både løparar, trenarar og foreldre. Ring Olav tlf 41564477.

 

NM  senior   Simostranda  6.–11.april

Lagleiar: Jostein Vonheim

Smørjing/testing: Olav Brendehaug, + Klemet Bø

Standplass: Rune Åland

Sekundering:  Jostein Vonheim

NT – bilen: Olav Brendehaug

Frist for å gi beskjed om overnatting er 15. mars. Dette gjeld både løparar, trenarar og foreldre. Ring Olav tlf 41564477.

 

Smørjing

Det er viktig at skia er godt behandla før ein reiser på renn. Hovudregel er at kaldskia må vere preppa med ein kald glider, helst blå (-2 til – 8). Og våtskia med glider frå rundt 0 til +3. Det kjem sjølvsagt litt an på veirtype og meldingar og grunnpreppen vil variere med det. Følg med. Vi vil prøve å kome med informasjon om dette før avreise til renna.

For smørjing i Team Statkraft Nordfjord regi er satsane:

Grunnpris          kr 50,-

Lavfluor         kr 30,-

Høgfluor         kr 50,-

Pulver        kr 75,-

***

Vi ser fram til ein innhaldsrik og god sportsleg sesong for Team Statkraft Nordfjord

Følg med på heimesida for oppdatert informasjon:

www.nordfjordteam.no

 

LYKKE TIL !!

Mvh

Odd-Harald Heggen                             Kjetil Netland

Sportsutvalet                                                                 Leiar

Team Statkraft Nordfjord      Team Statkraft Nordfjord