Samling Fosshaugane Campus
17. oktober
Publisert 19.10.2009
|
Om det var lite folk på den
første samlinga i Sogndal, så var det i alle høve fullt denne gongen.
Ca 100 frammøtte er fantastisk bra! Nordfjordingane vann frammøtet,
sogningane tapte. Forventingane var store. |
|||
|
|
Oddstein Haugen er nestleiar i Sogn og Fjordane Idrettskrins. Han ynskte oss velkomne og skrytte av Nordfjordingane som hadde stilt så mannjamnt opp. Han gjorde vidare merksam på at vitjinga i Sognahallen ikkje var gratis, det kostar faktisk 12 kr. timen å parkere bilen utanfor. Det spreidde seg ei viss uro i forsamlinga. Det heile enda med at dei som hadde dårleg samvit måtte ut og grave i lommeboka for å tilfredsstille parkomaten. Webmaster måtte ut med 60 spenn før det vart fred i maskina... | ||
|
|
|
Då det heile hadde roa seg,
kom Karl Erik Bøhn på podiet. Han heldt eit morosamt og
engasjerande innlegg. "Hald fokus, gjer det trenaren seier og la
vere å kome med motførestillingar". "Sei ifrå når noko
spesielt er på ferde" og: "Du kan ikkje undervurdere folk
nok". Det gjeld med andre ord å gjenta og gjenta og gjenta.
Det synte seg at Bøhn var fan av Sogndal Fotball, noko som resulterte i at han vart ei trøye rikare. For eiga rekning legg eg til: For skiskyttaren kan eit medvite forhold til naturlege, mentale reaksjonar vere det som avgjer om du vinn eller ikkje. Det skotet du skaut kan du ikkje gjere noko med, men du kan lære korleis du bør tenke dersom skotet vart ein bom. Eg vil vone at ToppIdrett kan dra inn ressursar på spesifikk trening i å overstyre naturlege reaksjonar ved neste korsveg.
|
|
|
|
Den sympatiske tikamparen Niclas Wiberg
delte villig erfaringane sine innan trening med oss. Dette gjorde han
på ein glimrande måte saman med hovudtrenaren sin, Kjell frå Ôland.
Det ligg ufatteleg mykje trening bak suksessen hans, men han minte om
kor viktig det er å kvile innimellom. Sjølv trenar han 3 dagar og
kviler den 4. Dagane før store tevlingar slappar han heil av. Han
fortalde og eindel om kosthald. Det siste 2 åra har Olav Rafoss hjelpt til med slyngetrening, noko som har gitt god uttelling for Niclas. |
||
|
|
Kjell frå Öland viste seg å vere ein hyggeleg og målmedviten trenar. Han la vekt på at det er viktig å finne trening som fungerer for utøvaren. Det som ikkje verkar, må ein slutte med! | ||
|
|
Steinar Mundal har lang erfaring med å trene dei beste skiløparane. Han snakka mellom anna om kva som er høveleg treningsmengd, dei som fell ifrå og kor vanskeleg det kan vere å rykke opp i juniorsjiktet. Det er ingen gitt å vite kven som vert god før det har gått nokre år! | ||
| Etter denne gjennomgangen var det tre paralelle økter. Den eine tok føre seg handball (Karl Erik Bøhn), den andre trening i rulleskiteknikk (Steinar Mundal) og den tredje spesifikk/funksjonell trening (Niclas Wiberg og Olav Rafoss). Webmaster er ganske viss på at dei aller fleste fekk med nye impulsar heim! Eg har lagt ut 50 bilete frå samlinga her. | |||
Startsamling Ullsheim 5.
mai
Publisert 25.05.2009
| Denne kvelden var det kjempeoppmøte! Dette er svært inspirerande for dei som arbeider med prosjektet! Det var gjennomgang av klubb- og prestasjonsutvikling før det var gruppearbeid om stoda i TSN. Etterpå vart det utarbeidd ein utviklingsplan for teamet. Denne bør alle sjå nøye gjennom! Her er lenker til dokumenta: Klubbutvikling - Prestasjonsutvikling - Utviklingsplan TSN |
TOPP Idrettsutvikling!
Publisert 19.04.2009
|
18. april vart den første
fagsamlinga i prosjektet TOPP Idrettsutvikling skipa til på Campus
Fosshaugane i Sogndal. Dette var ei stimuleringssamling for utøvarar og
trenarar som er med i prosjektet. Team Statkraft Nordfjord var
sjølvsagt til stades. Prosjektleiinga hadde skaffa innleiarar av
ypperste klasse og alle vi snakka med i TSN fann samlinga svært nyttig.
Dersom Idrettskrinsen gir oss løyve, skal vi legge ut presentasjonane
her seinare. Nedanfor følger ei kort oppsummering av samlinga, saman
med webmaster sine subjektive inntrykk ;-)
Etter dette var det paralelle økter der Sigmund Aasen ga deltakarane ei grundig innføring i treningsplanlegging, Stian Grimseth i eksplosiv styrke/spenst og Olav Rafoss i praktisk slyngetrening. Eg tvilar på at nokon av dei som var med på dette kurset tvilar på korleis dei bør trene fram mot neste sesong for å verte vesentleg betre enn dei er idag!
Sjølv eg fann samlinga utruleg lærerik og alle bør sjå fram til kva prosjekt TOPP Idrett kan tilføre TSN av ny kunnskap og kompetanse! |